STABBEN HAVFISKEFESTIVAL - FLORØ HAVFISKEFESTIVAL

2. OG 3. SEPTEMBER 2006

Eventyrleg fangst under havfiskefestivalen

Meir enn 40 deltakarar opplevde to flotte dagar med fenomenalt fiske vest av Florø.

Med ei totaltvekt på 3272 kg fisk fordelt på to dagar, seier det seg sjølv at fisket har vore godt. Stort mangfold av artar og mykje stor fisk skal ha ein god del av æra for at festivalen vart så vellykka.

Av artar som kom opp frå sjøen kan vi nevne torsk, lyr, sei, lange, uer, hyse, brosme, horngjel og knurr. Seien var i klart overtall på alle båtar. Fleire lokale fiskarar og båtførarar bemerka at dei ikkje har opplevd maken til fiskeri utanfor Florø på mange år. Fisken vart veid inn ved festivalteltet på Haffen-kaia, lagt på is, og deretter sendt til Global for sløying. Florø HK hadde fleire medlemmer og frivillige som sto for denne jobben i Global sine lokaler. All fisk vart solgt til fiskemottaket i Kalvåg.

Festivalens suverene totalvinnar blei mannen med det velklingande navnet John Olav Florø-Larsen frå Nord-Jæren Havfiskeklubb, som vann med 304,120 poeng, 48,02 poeng framfor nestemann Bjørn Stein, også frå Nord-Jæren Havfiskeklubb.

Florø-Larsen, ein svært aktiv havfiskar som reiser mykje rundt på festivalar og konkurransar i Norge, var svært fornøgd med arrangementet. - Fenomenale båtar, godt mannskap, masse artar og stor fisk er nokre av grunnane til at dette var ein svært bra festival, seier Florø-Larsen. - Ikkje minst var stadnamnet ein god grunn til å reise hit, legg han til med eit smil.

Festivalens største fisk, ei lange på 15,8 kg, vart teken ved Aralden av Arthur Sandvoll frå Stavanger Deep Sea Fishing Club på søndag. Men ikkje utan konkurranse. Hans Terjesen frå Torungen HK tok også ei lange på over 15 kg, og juryen måtte over på andre desimal på vekta for å avgjere kven som vann.

Leiar i Florø Havfiskeklubb, Terje Rosnes, seier seg svært fornøgd med avviklinga av arrangementet. – Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar frå dei tilreisande, og når dei er nøgde, så er vi det, seier han. - Vi skal no ha eit evalueringsmøte og sjå om det er interesse for ein ny festival. Dei gode tilbakemeldingane vi har fått, og det eventyrlege fisket vil nok vege tungt når vi skal diskutere ein eventuell ny runde.

FLORØ HAVFISKEKLUBB

   
SPONSORER