Klubben tek sikte på å arrangere ny havfiskefestival i Florø i byjubileumsåret neste år, nærare bestemt i samband med pinsa, helga 22.-23. mai. Gunnar har allereie vore i kontakt med kultursjefen i Flora, som tykte det var ein god idé, og med leiinga i havfiskeforbundet, som gav positiv respons.
Den førre festivalen, 2.-3 september 2006, vart ein stor suksess, med mange nøgde tilreisande og totalt 3272 kg fisk i kassene på to konkurransedagar, teke av i underkant av 40 deltakarar. Sett i lys av suksessen i 2006, er det grunn til å vente eit monaleg høgare deltakartal denne gongen.
Truleg blir festivalen lagt opp med poengfiske ein dag og konkurranse om mest fisk den andre dagen.