13.05.08
KLUBBKONKURRANSE
Kven tek Midtsidefiskane?

I 2009 todeler vi tevlinga i største fisk i kilo og i poengfiske etter største fisk i forhold til klubbrekorden for si art.

I konkurransen om største fisk handlar det ganske enkelt om å ta årets tyngste eksemplar.
I poengkonkurransen vil alle artar ha potensielle vinnarsjansar. Det avgjerande er storleiken fisken har i forhold til gjeldande klubbrekord per 01.01.2009.

Begge konkurransane går i perioden fram til neste årsmøte i klubben.

Aktuelle kandidat-fiskar må vere fanga etter Norges Havfiskeforbunds regelverk, og dokumenterast på same måte som ved klubbrekordar. Innmelding skal skje til Gunnar Nødseth via epost gnodseth@broadpark.no.

Fisk som er teken under festivalar/turar i NHF-klubbars regi kan telje i konkurransen, same kvar i landet han er fiska. Dette for å stimulere klubbens medlemer til deltaking på havfiskefestivalar. Fisk som er fanga på private turar, må vere teken innanfor strekninga Ålesund–Bergen. Likevel kan fangstar frå turar som fleire klubbmedlemer dreg på i lag utanfor dette geografiske området, vere teljande.

Slik dokumenterer du fangsten din: Fiskens vekt, lengde, dato/stad/djup, takkel, foto av fisken med meter attmed, vitne som kan stadfeste fangst/vekt. Legg gjerne også ved foto av deg sjølv med fangsten, og nokre opplysningar om kvar og korleis fisken vart fanga. Dermed er det berre å jakte på heiderstittelen Årets Midtsidefiskar.

Tidelegare vinnarar:

  • 2005: Hyse, 3,55 kg, fiska av Jan William Midtbø
  • 2006: Lyr, 6,31 kg, fiska av Helge Johnsen
  • 2007: Torsk, 13,5 kg, fiska av Arild Grytten
  • 2008: Ingen teljande fangst av steinbit, årets art.

STILLINGA:
Største fisk: Klikk her for oversikt

Poengkonkurransen:
Klikk her for oversikt