|
|
|
|
03.12.05 GPS-etikk
GPS har gitt oss havfiskarar ein heilt ny reiskap til å finne att fiskeplassar. Men dette verktyet bør brukast med forstand, og slik at vi ikkje utnyttar folk som har sanka seg kunnskap gjennom eit langt liv på havet. Flora havfiskeklubb har laga sine eigne køyrereglar:
- Vi tek ikkje med oss GPS når vi er på havfisketur med ein yrkesfiskar som skipper/guide.
- GPS kan brukast fritt på turar der havfiskeklubben ikkje brukar innleigd kjentmann eller yrkesfiskar.
- Dersom nokon viser oss ein fiskeplass, tek vi ikkje GPS-posisjonen utan at det skjer i forståing med den som har vist oss plassen.
- Ingen GPS-posisjonar skal leggjast ut på internett. Sjølv om dette er vanleg i mange land, meiner vi det er viktig å sikre at plassar ikkje blir utsette for overfiske.
- Ein medlem i Flora havfiskeklubb kan fritt gi vidare GPS-posisjonar han sjølv har funne. Mêder og posisjonar ein har fått hos andre skal brukast med respekt for opphavsmannens interesser, og innanfor dei vilkår opphavsmannen eventuelt har sett.
- GPS skal ikkje brukast av deltakarar under konkurransar og meisterskap i Flora havfiskeklubbs regi.
|
|