12.02.06
Årets Midtsidefiskar

av Helge Johnsen


VINNAREN: Jan Midtbø med diplomet, etter å ha vunne konkurransen om midtsidefisken. Foto: Helge Johnsen
Jan Midtbø drog av med sigeren i klubbens tevling om å fange sjølvaste midtsidehysa. Eit vakkert, formfullendt og brystfinne-fagert eksemplar av arten på 3,55 kilo, viste seg å vere uslåeleg. Premien, eit diplom teikna av Arnstein Mygland, vart overrekt på klubbens årsmøte.

Vinnar-hysa vart teken under klubbturen 17. september i fjor, då Jan fekk ho på kroken like før turen vart avslutta. Hysa hans vart også konkurransens største fisk under denne turen, men det høyrer med til historia at storfiskaren Ivar Erik Knapskog på same turen miste ei ved ripa som såg ut til å vere minst like stor…

Elles viste det seg å bli smått med hyser under fiskesesongen 2005. Faktisk var Jans rekordhyse den første som greidde å gå forbi Inge Ødegårds fisk 3,02 kilo, teken under ein tur han og Ivar Erik hadde 26. februar. På den turen vart det forresten fanga rundt 15 hyser totalt. Inges hyse vart liggande i toppen, heilt til Jan fekk sitt frodige eksemplar på kroken i september.