13.04.06
Fisketur med JD

Har slite litt med feilkroking av sjø-ørreten i det siste. For å få igjen sjølvtilliten så tok eg meg ein havfisketur i Askvoll på måndag.

Fiska på Askvika rundt eit vrak som ligg på 40 - 50 meter. Resultatet blei ganske bra, ny art på klubbrekordlista vår. Ei raudspette på 530 gram. I tillegg drog eg ei mengd sandflyndrer og ein steinbit på 1,9 kg. Fiska med langt slep, ca 1,5 meter, med to aberdeenkrokar str. 1/0. Bommen eg brukte var ein ny frå DAM. Dette er ein bom med feederboks på. Den fylte eg med rekeskal, blåskjel og silderogn. Synest den fungerte utmerka. Blir nok kjøpt fleire slike.

Agna eg brukte var sildestrimlar, reker, blåskjel og børstemarkimitasjonar frå Gulp. Spetta tok på ein krok med sild og reke.

Sjå bilde av feederen under: