09.05.06
Lyrefisket lovar godt

Helge jakta på ein ny kandidat til Midsidelyren i helga, men makta ikkje å overgå John Davys 4,32 kilos notering frå Bjordal. Sju lyrar som vart tekne ved Vågsøy, var likevel av ein kvalitet som kan tyde på at mattilgangen i sjøen er betre enn i fjor. Det lovar godt for sommarsesongen.

Helge fiska nokre timar laurdag og søndag, saman med den åtte år gamle sonen sin, som brukte ei lita Yellow Reef-stong og fekk merka at lyr på 2,7 kilo har rikeleg med krefter. Største lyr som vart teken var på 2,93 kilo, sprek og rogntrinn og med gledeleg lite kveis.

Fisket gjekk føre seg med lodd og gummimakk, og med ein kombinasjon av shad som opphengar, lodd og gummimakk på meterlangt slep. Alt i alt var utbytet til å vere nøgd med, sett i høve til at fisket skjedde på blanke føremiddagen, ved fjørande sjø og i blendande solskin med smult hav.

Lyren beita på havnål, men verka langt meir velfødd og i betre kondisjon enn den som vart fanga på vårparten i fjor. I motsetnad til for eitt år sidan, var det no også småsei i sjøen, og den hadde magen full av raudåte. Det kan gi eit ørlite håp om at ting er tilbake i litt meir normalt gjenge – og at den store fisken som jaktar på småseien blir å treffe seinare.


MATLYR:
Helge med nokre av lyrane som vart tekne ved nordenden av Vågsøy.
Foto: Mathias Kastet Johnsen