11.11.06
Blålange i fjorddjupet

Helge J. sikra ein ny art til klubbrekordlista, då han prøvde fisket på djupet av Førdefjorden, fredag 13. oktober.

Dagen vart ulukkesdag berre for fisken, som vart teken på 250–270 meters djup, ikkje langt frå Naustdal. Blålanga tok slep med sjølvlysande slange og blekksprut, agna med ein diger strimmel makrell, og beit under opphal, 30–40 meter over botnen. Om blålanga gjekk der og jakta pelagisk, eller om ho har følgt etter slepet oppover og til slutt bestemt seg for å ta agnet, er uråd å vite. Fisken vart vegd til 3,48 kg, etter at den hadde tømt seg for alt mageinnhald på grunn av trykkforandringa under turen til overflata.

Diverre finst det ikkje foto av fisken i heil tilstand, men artsbestemminga er verifisert av to andre medlemer i klubben

Blålanga er lagt til på rekordlista