11.11.06
Gunnar til topps i klubbmeisterskapen

Med nær 80 kilo fisk, gjekk Gunnar Nødseth sigrande ut av den interne klubbmeisterskapen Florø havfiskeklubb avvikla under andre dag av havfiskefestivalen i september.

Dermed kunne han motta hovudtrofeet under premieutdelinga, som vart gjennomført fredag 20. oktober, i samband med ein klubbkveld i Florø for medlemer, skipperar og andre medhjelparar under festivalen.

Gunnar var blant dei som fekk skikkeleg nærkontakt med storseien då havfiskarane tevla sør for Kvanhovden 3. september. Han ende denne konkurransedagen opp på ein tredjeplass i festivaltevlinga, 4,6 kilo bak vinnaren, men suverent best av klubbens eigne deltakarar.

Elles er det verd å merke seg at klubbens ferskaste medlem, Per Rune Vereide, leverte ein knalldebut, og tok tredjeplassen i klubbkonkurransen.

I klubbkonkurransen vart resultata følgjande:

  1. Gunnar Nødseth 79,7 kg.
  2. Helge Johnsen 64,3 kg.
  3. Per Rune Vereide 56,2 kg.
  4. John Davy Oddekalv 52,8 kg.
  5. Terje Rosnes 40,7 kg.
  6. Ivar Knapskog 19,2 kg.
  7. Inge Ødegård 6,6 kg.

PREMIERTE: F.v. Gunnar Nødseth, Helge Johnsen, John Davy Oddekalv, Terje Rosnes.
Bronsevinnar Per Rune Vereide var ikkje til stades då biletet vart teke