
|
|
11.11.06 Djupt og spennande i Førdefjorden Førdefjorden er kanskje høgast skatta som dorgeområde etter sjøauren, eller som ein bra stad å fiske lyr ved holmar og i sund. Men langs strendene vrimlar det mange stader av flatfisk, og nede på djupet går det langer det er vel verd å prøve seg på. Av Helge Johnsen Denne sommaren og hausten har eg målretta fiska etter djupvassfisk i eit område ikkje langt frå Naustdal. Fisket med vekselvis sjølvlysande, agna pilk og slep har gitt lovande fangstar av lange i ei skråning der ei vik munnar ut i hovudfjorden, og der botnen er steinete med innslag av mjuke felt. Største fisk så langt er ei lange på 4,9 kilo, teken på 100–120 meters djup. Truleg er det både større fisk og andre fiskeslag å få djupare nede i dette området. Mindre enn ei nautisk mil unna vart klubbens første blålange teken under ein av desse testturane. Den sette tennene i eit sjølvlysande slep agna med makrell, meir enn 250 meter under overflata. På grunn av forureininga, er fisken i det indre fjordbassenget ikkje eigna som menneskeføde. Men tenkjer ein berre sportsfiske, finst det mykje fisk der å prøve seg på med lett utstyr. Spesielt gjeld dette knurr, sandflyndre og kviting, som kan nå respektabel storleik. Vil ein la born oppleve fiskeglede, er det berre å ta dei med i båt få meter frå den ytre småbåthamna i Førde, og sleppe eit flyndreslep agna med reke ned til botnen. Ei åtvaring må eg gje: Slike turar kan vere sterkt vanedannande for mindreårige.
|