
|
|
11.03.07 Fargerik fangst i mars Klubbens første fløyfisk på rekordlista er ein realitet, etter at Helge J. prøvde slep og reke på blåstålplassen sin ved Vågsøy laurdag 3. mars. Fisken tok på eit dobbelt kroksett med perler, spinnarskei og små aberdeenkrokar. Fløyfisken var ein fargerik og blåøygd hann, som vart vegd til 0,100 kg på elektronisk vekt. Fangsten skjedde på 38 meters djup ved enden av Ulvesundet, litt nord for Ulvesund fyr. Helge kjenner ikkje til at det er teke fløyfisk i dette området før. Turen gav til saman seks ulike artar: Hyse, torsk, sei, blåstål, knurr, pluss den overraskande fløyfisken.
|