30.07.07
Solid fisketur-punktum

Tekst/foto: Helge Johnsen

John Davys teft for storfisk fornekta seg ikkje, då han og Helge tok sin siste felles tur på Førdefjorden, før JD flyttar til Nord-Norge. Siste fangsten hans i Sunnfjord så langt, vart ei lange på heile 13,2 kilo.

Storlanga vart teken i kveldinga onsdag 25. juli. Langa beit på slep på berre 30 meters djup, kloss ved land, i indre del av fjorden. Helge og John Davy har begge utforska dette området tidlegare, og har oppdaga at det har ein imponerande artsrikdom. På turen onsdag vart det teke eit par andre langer i storleik opp mot fire-fem kilo, pluss nokre mindre som vart sleppte ut att. I tillegg gav turen eit par fine torskar, småbrosme, hyse, knurr og glasvar.

Som agn vart det brukt ein kombinasjon av reke, makrell og horngjel, dels på nærast nakne krokar, dels på slep med attraktorar og større krok. Djupet varierer frå nokså grunt og ned til 80-100 meter, med svært variert botn.

Tidlegare har dei to for det meste fiska med mindre krokar i dette området, fordi ingen av dei har rekna med at det inneheldt fisk av verkeleg grov storleik. Mistanken om dette vart likevel vekt då Helge tidlegare i sommar hadde med seg to niåringar i båten, og let dei prøve etter flatfisk og knurr med flyndretakkel. Den eine av gutane fekk på noko lite som så vidt rykte i stonga, og hadde så vidt starta å hale opp, då noko heilt anna hogg til. Stonga gjekk i boge heilt ned i handtaket, stongtoppen gjekk under vatn, og Helge måtte halde i både gut og stong medan niåringen peste og sveiva. Så vart det heilt slakt. Opp kom ei mikro-hyse på 15 cm, opptoggen over heile kroppen.

Onsdagens storlange tok like før det skulle setjast sluttstrek for turens siste drift. Fisken baud på merkeleg lite motstand. Bortsett frå å gjere seg tung og ”stå fast” i sjøen nokre gonger, følgde langa villig med til overflata. Der var det som å sjå eit kalvehovud flotne opp attmed ripa. Langa hadde elles fleire svarte flekkar i skinnet, av same typen som på rekordlanga på nesten 40 kilo ein svensk fiskar tok ved Frøya i fjor.


SOLID: John Davy med fjordlange i storleik XL. Foto: Helge Johnsen.

FLATFISK: Helge oppdaga at fjorden har bestand av glasvar. Foto: John Davy Oddekalv.