
|
|
12.12.07 Fjordtur med dobbel utteljing Tekst/foto: Helge Johnsen Helge Johnsen heldt båt og takkel, og John Ivar Askevold stilte med fiskelukka. Turen på vinterstill Førdefjord 7. desember førte til at John Ivar overtek kvitingrekorden, og i tillegg blir registrert med klubbens første svarthå. Nøye måling og veging av kvitingen viste at den var 55 cm lang og vog 1,310 kg, dvs. 10 gram meir enn fisken som sikra V. Shultz førre rekordnotering 24.03.2002. John Ivars kviting vart teken i indre Førdefjorden, på 30–40 meters djup, medan det vart fiska med slep og reke. Svarthåen nådde ei vekt på 0,15 kg, og vart målt til 37 cm. Djupvasshaien gjekk på ein agna opphengarkrok under fiske på ca 280 meters djup, like ved der Helge tok blålange hausten 2006. Begge fiska med kraftig slep og makrellagn, i håp om å treffe på blålanga igjen eller kanskje skate, men dette viste seg denne gongen å vere resultatlaust. Elles gav turen sei, hyse og lange i fiskestampen. Vêrtilhøva var nær ideelle, til årstida å vere: Nokre få plussgrader, svak vind, og 0,4 knops drift vestover. John Ivar og Helge prøvde også ut ein stad ved ei bratt ur som nokså sannsynleg kan innehalde havål. Området verkar lovande, men dei to venta ikkje at eit raskt forsøk på høglys dag skulle gi utteljing. Noko napp vart det heller ikkje.
|