26.05.08
Solid hopp for steinbitrekorden

Klubbrekorden for steinbit vart løfta eit godt stykke til vêrs, då John Ivar Askevold drog nordnorske jernkjevar ved Tromsø 15. mai. Den nye noteringa lyder på 5,28 kg. Fisken som vart målt til 84 cm, tok på Sølvpilk m/gummiblekksprut, utan agn. Klubbrekord-steinbiten vart teken medan John Ivar fiska like utanfor byen, saman med kameraten Ørjan Lauknes. På den tre timar lange turen vart det teke i alt 12 steinbitar, den største på 9,36 kg.

John Ivar prøvde etter ei stund å agne pilken, for å sjå om det gav utslag i endå betre bit. Men i staden drog fiskekameraten 9,3 kilos fisken over ripa, og JI kom til at agnet berre kunne droppast...

Den nye steinbitrekorden bør inspirere til innsats for å ta nye fangstar av denne arten. Men plussfemkilos-fisken har ikkje gitt John Ivar leiing i kampen om årets Midtsidefisk. Midtsidefiskane må nemleg vere fanga i området mellom Ålesund og Bergen.