
|
|
02.06.08 Lysing i indre Førdefjorden Det verkar som godversperioden siste dagane har vekt fjordane til liv. I alle fall var dette tilfelle i Førdefjorden sist søndag. Der tok Helge J. og fiskekompis Arne Stubhaug sju artar på tre timar, inkludert lysing, fem minutts båttur frå Førde sentrum. Eigentleg var fisket retta inn mot sjøauren, men den let seg ikkje overliste i det stille, varme og lyse veret. Dermed vart lett havfiskeutstyr, slep med små krokar og reker til agn henta fram i staden. Det resulterte i sypike, tre brukbare matlanger, torsk, knurr, lusuer, sandflyndre og til slutt ein lysing på 1,7 kg, teken av Arne Stubhaug, som aldri hadde sett fisk av denne arten før. Lysingen tok på ca 45 meters djup, og gjekk på ein opphengar, agna med brun Gulp børstemakk.
|