
|
|
12.06.08 Ni artar – og klubbrekord Storlangene i Gloppefjorden og kveitene ved Lote let seg ikkje overliste, då havfiskeklubben tok turen til Sandane. Trass i dette vonbrotet, gav turen til saman saman ni artar, og Per Rune Vereide tok klubbens første rekord frå denne delen av Nordfjord.
DELTAKARAR: Gunnar Nødseth, Helge Johnsen, Per Rune Vereide, Arild Sundal, Arild Grytten, Rune Bakke, Trygve Strømmen. BÅTAR: ”Amitie”, skipper Sigmund Vereide, ”Evita”, skipper Atle Jan Føleide. VÊR: Strålande solskin, 27 varmegrader, nesten vindstille. TIDEVATN : Fløande ARTER: Lange, brosme, glasvar, knurr, hyse, hågjel, lusuer, sei, torsk. Turen hadde først og fremst som siktemål å utforske eit fjordområde klubben aldri har fiska i tidlegare, men som krydder vart det også lagt opp til konkurranse om flest artar og om største fisk. Helge J. hadde dagen og toppa artskonkurransen med sju arter (13 fiskar), tekne på sparsomt utstyrte paternostertakkel/slep, med moderate til små krokar, agna med cocktails av reke og strimlar av makrell. Arild S. tok premien for største fisk, med ein torsk på 0,7 kilo. Storleiken på vinnarfisken fortel sitt om det skuffande og totale fråveret av djupets tungvektarar, på ein dag då mangelen på vind gjorde det vanskeleg å få nok drift til å setje liv i slepa. Rekordfisk vart det likevel, då Per Rune Vereide kroka ein lusuer som vart vegd inn til 0,265 kg – 40 gram over Roger Frammarsviks gamle rekord frå 2002. Også Arild Sundal tok lusuer over den gamle rekorden. Men han rakk knapt å vege inn sin fisk på 0,240 kg og ane kjensla av rekord, før Vereide hengde kvartkilosbeistet sitt på vekta og viste at Gloppen rular. Fisket starta midtfjords rett utanfor Sandane sentrum, i eit område der det normalt skal vere bortimot bombesikkert å få piggskate. Men ingen takkel vart rørt av piggskatene, og einaste utteljing vart glasvar og knurr. Deretter fiska båtane seg utover fjorden. ”Evita”, med tre fiskarar, drog langs nordsida utover til ein langeplass på over 200 meters djup ved Hjelmesetvika, der einaste utteljing vart ein hågjel som fekk Helge J. til å juble over ei ny art på si personlege liste. ”Amitie”, la seg nær Devik, og tok lusuer og smålange, og gjekk deretter til fyrlykta ved Anda, der det vart kroka meir lusuer og småbrosme. I mellomtida gjekk ”Evita” mot Lote, og fiska djupt med grovt takkel etter storlange og kanskje kveite, som jamnleg blir teke i dette området. Forsøket viste seg fullstendig resultatlaust. Siste del av turen fiska begge båtane nær kvarandre på grunt vatn utanfor Årskog på Lote, med lusuer, knurr, småsei og småtorsk som resultat. Før turen vart det rekna som sikkert at det ville bli teke blåstål ved Lote. Men blåstålen viste seg ikkje. Trass i turens magre fangst, er det ingen tvil om at Gloppefjorden og området ved Lote er eit spennande område med stor artsrikdom. Spesielt bør det vere grunn til å gjere nye forsøk etter piggskata. Dessutan er moreneryggen nær ferjeleia ved Anda–Lote verd utforsking, og det same gjeld området utover mot Ålfoten. Skipperane Sigmund Vereide og Atle Jan Føleide skal ha stor takk for jobben dei gjorde. Det er ikkje ofte klubben fiskar frå så flotte og praktiske farty. RESULTAT: Tal arter:
2. Per Rune Vereide 2 (brosme, lusuer) 2. Arild Sundal 2 (torsk, lusuer) 2. Rune Bakke 2 (lange, lusuer) 5. Arild Grytten 1 (lusuer) 6. Gunnar Nødseth 0 6. Trygve Strømmen 0
2. Per Rune Vereide Brosme, 0,520 kg
|