20.11.08
Godvêrstur gav ny pigghårekord

Gunnar Nødseth slo til med rekordpigghå vest for Florø, og trudde også ei stund at ny klubbrekord på kolmule var inne.

Fangsten skjedde i 18-tida onsdag 5. november, medan Gunnar fiska ved Långøyna vest av Florø, saman med klubbens nyinnmelde medlem Kenneth Strømsøy. Pigghåen var 99 cm lang og vog 4,30 kg, noko som er solid over Bjarte Englands rekordfisk på 2,42 kg frå februar i fjor.

Gunnar fortel at det denne dagen elles vart fiska vest av Fanøy mellom Store og Likkje Batalden, og at dei to hadde ein uformell konkurranse. Beskjeden som han er, ønskjer Gunnaren ikkje å gå ut med kven som vann den interne fighten, men opplyser at Kenneth starta flott og var høgt oppe en halv times tid, til han sjølv justerte utstyret.

Dei to fekk lyr, hyse, sei, brosme, lange, kolmule og pigghå. Dei trudde lenge at kolmula var klubbrekord (235 g) og men det viste seg at denne fisken ikkje nådde opp mot Helge Johnsens gjeldande rekord frå Stadhavet.

Vêret var svært flott denne haustdagen. Det bles ein ørliten bris frå nord vest, og sola skein til ho gjekk ned i sørvest klokka kvart over fem om ettermiddagen.

Til rekordlista