
|
|
12.12.08 Flott tur til Aralden 6. desember av Gunnar Nødseth
Det tek oss rundt ein halv time å komme oss ut. I dag har Kenneth bestemt at det ikkje vert noko konkurranse, vi skal heller nyte dagen på sjøen og være fornøgd med det vi får om bord. Eg er først ute med redskapen. Har fått slakka ned 15 -20 meter. Pang, der sit første fisken, over rekka med den, ein flott torsk på ca 5 kg. Slakkar ut igjen til eg kjenner det er småsei bortpå. Pang, der sit han igjen, denne er ca 4 kg. Kenneth slit enno med utstyret og begynner å bli frustrert. Eg slakkar ned for tredje gang, to rykk så er han der igjen dette går over all forventning, tre torskar på 3 – 4 minutt. Det skal seiast at eg ikkje har dratt på land einaste torsk ellers i 2008 (utenom 2 på ca 0,9 kg på NM på Sortland Det gikk ikkje lange stunda etter at Kenneth fikk ut snøret før det sit på noko stort nede i havet. Det skulle vise seg at det var en flott lyr på 5 – 6 kg. Etter kvart stilna det litt av med torsken men Kenneth drog opp et par pigghå ei lange og en del seiar.
Sjøl drog eg 6 flotte torsker, den sjuende sette eg ut at, den var mellom 40 og 50 cm så eg fann ut at eg måtte gi litt tilbake til havet.
Det var ein kald dag men det var flott å være på sjøen denne dagen. Synd det blir mørkt så tidleg no på denne tid av året.
|