12.12.08
Skatejakt gav diger lange
av Helge Johnsen

Førdefjorden har levert også i år, med fisk som berre blir overgått i storleik av Røst-ekspedisjonens torskar og kveite.

Men eigentleg var det sitt livs til no største agntjuv Helge J. fekk på kroken i skyminga ein regnfull kveld i august, då ei lange på 12,7 kilo snappa agnet han prøvde å lokke skate med vest for Erdalen.

Helge hadde lenge tenkt å prøve skatefiske på Erdalsvika, etter at ein kjenning hadde fått eit eksemplar på ni kilo på snik i dette området.

Om kvelden 11. august drifta han med slep vestover, i ein svak austleg bris som gav ei drift på 0,6–0,7 knop over blautbotnen. Tanken var å ta tida til hjelp, og sjå om skatene var på jakt i det mørket fall på.

Overrasking
I 20 minutts tid skjedde ingen ting anna enn at søkket og slepet subba i veg i mudderet. Så kjendest brått eit tydeleg napp. Helge gav fri spole og mata ut snøre, medan han talde seks lange sekund til ende. Så kobla han til og gav kraftig mothogg, til stonga bøygde seg heilt ned til handtaket. Det var i enden var definitivt eit levande vesen, svært og tungt, og drog jamnt ut snøre i seige utras i eit par minutts tid. Sikker på at det var skate, tok Helge til å pumpe beistet oppover. Det tok 12 minutt, før han storøygd såg ei massiv, luftsprengd lange bryte overflata eit stykke unna båten. Han hadde ikkje tenkt seg at det kunne finnast lange ute på på den vide muddersletta, der det normalt berre skulle kunne ventast skater og svarthå. Men det blir fiska etter kreps på staden, og Helge har seinare fundert over om langene kanskje gir seg ut på krepsejakt på dei vide flatene, når det er mørkt og krepsane ikkje ser dei så godt.

Tokrok-slep
Langa vart teken i 21.20-tida på 75 meters djup, med glidetakkel og slep (sjølvlysande slange/blekksprut) agna med makrell. Helge brukte to krokar i slepet; ein 8/O hovudkrok og ein 2/O i enden av makrellstrimmelen. Meir og meir har han gått over til slikt tokrok-takkel, etter å ha mist mange fiskar som bit i bakkant av agnet og ikkje får krokfeste, spesielt når straumen er sterk og drifta i raskaste laget. Men denne langa hadde gått bestemt til verks, og slukt både kroksett og gummiblekksprut langt ned i svelget. Utstyret elles var Shimano Antares 6-12 pd stong (som fekk køyrt seg) og Penn Senator 3/O.

Den overraskande agntjuven vart vegd til 12,7 kilo, m.a.o. litt mindre enn den 13,2 kilo tunge langa John Davy tok 25. juli året før, då han og Helge fiska i stille vêr og kveldssol på steinbotnen litt lenger inne i det same området av fjorden. Men begge disse fiskane ligg langt under Gunnar N's rekord-lange på 22 kilo blank, som vart fanga under klubbturen til Bulandet i april 2005.

Mangfald av arter
Røynslene kan tyde på at det i indre del av Førdefjorden er lettast å treffe storfisk i sommarmånadene. Dei seinare turane Helge har gjort i november og desember har berre gitt mindre fisk, men med stor variasjon i arter: Smålanger, småbrosmer, torsk, hyser, sypike, knurr, kviting og lusuer. Tidlegare i år har fisket også gitt arter som sei og lyr, bergnebb, blåstål og raudnebb, sandflyndre, glasvar, lysing og blålange. Men mønsteret er ikkje eintydig: I februar i år tok Oddvar Fugle ei kjempelange på 20,9 kilo på 20 meters djup utanfor tankanlegget i Gravdalen, rett utanfor Førde sentrum. Nettopp desse skifta, overraskingane og den store artsrikdommen gjer Førdefjorden svært spennande