
|
|
02.02.09 Vintertorsktur gav lange i staden
DATO: 14. februar 2009 I sludd og grisevêr plukka Martin Hauge mest konkurransepoeng i den forseinka romjulskonkurransen. Men Wiggo Heimtun leiar framleis klubbcupen etter tredje runde. Turen 14. februar var lagt opp som ein kombinasjon av forseinka romjulstur og tredje konkurranse i cupen om den gjeve snella frå Penn. Deltakarane håpte på rikeleg med vintertorsk på denne turen, etter som det hadde blitt teke ein del eksemplar tidlegare i januar. Alt skulle dermed tyde på at innsiget var i gang. Men om fisken var der, ville han i alle fall ikkje ta. Ekkoloddet viste mykje stor fisk, men han beit ikkje. Dei fire deltakarane prøvde kilovis av ulike pilkar, men til fånyttes. Etter eit tids fiske sette Arild Sundal i ein stor fisk, som skulle vise seg å bli den største på turen og årets største i klubben så langt: Ei lange på 9,8 kilo. Elles vart det teke ein del sei over minstemålet på 40 cm. Martin Hauge, som hadde sin første tur med klubben, slo til og vann heile konkurransen. Martin tok dermed sitt første napp i romjulspokalen. Dessutan vann han ein DAM-bag for oppbevaring av pilkar.
Arilds lange vart ikkje målt, men vekta er registrert og bevitna. Resultat tur 3 og romjulstur
Samanlagtresultat, etter tre turar:
Referat: Gunnar Nødseth/Helge Johnsen
|