22.08.09
Skatejakt – som enda i ny pers på lange…

av Per Rune Vereide

Etter å ha leita litt etter skate i Gloppefjorden fekk eg endeleg napp for nokre veker sidan – men ”dessverre” so var det på sniksnøre. Med andre ord so vart det ikkje teljande resultat.

Inspirert av dette sette eg på nytt kursen på havet ein tysdag ettermiddag, etter at pedaltrakkarane i Tour de France hadde kara seg over nokre fjell og slite seg fram til mål.

Eg var i frysaren og henta fram ”årgangsmakrell”, leita fram fiskestang + reservestang, og sist men ikkje minst såg eg gjennom den relativt nyinnkjøpte fiskebaggen om alt utstyret var på plass. Eg plukka med meg ein passeleg stamp som forhåpentlegvis skulle fyllast opp med minst ei skate, og kanskje noko anna spennande bifangst.

Halco'en starta på første forsøk, og det barst ut frå småbåthamna med nordvestleg kurs. Fjorden låg spegelblank og viste seg soleis frå si beste og mest samarbeidsvillege side. Regnbyene trua i fjella rundt Gloppefjorden, men heldigvis so heldt regnet seg klokleg vekke. Temperaturen var på t-skjorte-nivå, og alt låg til rette for ein triveleg kveld på min barndoms fjord.

Eg tok peiling rett mot plassen der skata hadde gått på sniksnøre forleden dag. Ekkolodd og GPS vart dobbeltsjekka. Begge stengene vart agna opp, og eg slepte ned til botnen på ca. 40 meter og rekna med at no – no skal skata på kroken. Medan den eine stanga vart nytta til aktivt fiske, vart reservestanga sett i stanghaldaren på båten og eg let snøret henge dødt rett ned under mottoet ”det er von i hangande snøre”.

Med den aktive stanga prøvde eg ulike metodar, og eg freista gjere agnet mest mogleg innbydande for ei simpel skate av ein eller annan art.

Eg let det gå 3 minutt – 7 minutt – 10 minutt – eit kvarter, og livet på havets botn var akkurat like fråverande som telefonen frå Hamar som eg ventar på kvar einaste laurdag ettermiddag. Null opp og null i mente – svart hav – truleg var det einaste skata i fjorden som hadde forbarma seg over sniksnøret mitt nokre dagar tidlegare.

Tolmod er ein kvalitet som eg ikkje har fått utlevert all verden av, og etter ein liten halvtime gav eg opp skatefisket for denne gong. Å eg som hadde sett fram til at eg skulle få eit flott oppslag om ”skatefangst i Gloppefjorden” på Florø Havfiskeklubb si heimeside…

Kvelden var ennå ung, og eg sette ny kurs – denne gongen mot ”bombesikkert” flyndreland. Når det ikkje vart skate, so skulle det i allfall verte anna flatfisk!! Det kan vel kanskje ikkje kallast havfiske når ein er inne då djupne under 10 meter, men det fekk so vere. Steikt flyndre surra rundt i hovudet mitt, og eg såg allereie føre meg at flyndra låg også surra i steikepanna.

Små anglar og små agn – det var berre å legge det på botnen og vente på at flyndrene skulle ta føre seg av makrellen. Med litt flaks kunne det kanskje bli ein ny art å havfiskeklubben sine lister, og uansett so skulle det bli flyndre i ei eller annan form på mi nyoppretta personlege rekordliste.

Tysdag 21. juli det herrens år 2009 – på Belgias nasjonaldag og på dagen 40 år og ein dag etter at Neil Armstrong som første menneske sette sin fot på månen og uttalte dei berømte orda ”That's one small step for a man, one giant leap for mankind” – nettopp denne dagen ville ikkje flatfisken i Gloppefjorden forlate det våte element. Ikkje eit einaste napp var å registrere. Det var mest som eg følte meg litt mobba av Flyndrefanten og vennane hans når eg to gongar såg flatfisk som følgde etter kroksetta mine opp når eg halte inn for å flytte eller sjekke agn.

So langt var det lite å skrive heim om – kanskje skulle eg halde fisketuren hemmeleg og heller late som eg hadde hatt ein avslappande og fin tur på fjorden der eg berre hadde lata meg, lese avisa og fryda meg over velpleidde naturlandskap på begge sider av Gloppefjorden…

Frå min barndom har eg eit minne om då eg fekk vere med ”Besten” i ytre delar av Gloppefjorden å trekkje line. Eg kunne ikkje vere meir enn 6 – 7 år, men endå hugsa eg lina som flotna opp med eit ukjent tal brosme, lange og lusuer. Det var ei spennande oppleving for ein liten gutefant å sjå desse fiskane der magesekken (eller kva det no var?) kom ut og fisken flotna opp som korkar.

Eg sette båten i gir, sjekka kartet at det var djupne på pluss minus 100 meter og frå før veit eg at det stort sett er steingrunn i området, før ein eventuelt kjem ut på ”skiten”. Gangtida brukte eg til å leite fram tyngre og meir og mindre sjølvlysande utstyr – ferdigmekka takkel frå Rainer Korn. No fekk reservestanga vere reservestang, og eg konsentrerte meg om å lokke fisken på det eine takkelet eg slepte ned mot botnen.

Det gikk ikkje mange sekundane før eg kjende eit eller anna der nede som var i nærkontakt med utstyret mitt – men ingen fast fisk (trudde eg). Litt etterpå var der fast fisk – eit eller anna som ikkje var so stort… Opp med snøre for å registrere hyse på 380 gram og ein bitte liten lusuer som sikkert gikk på med ein gong. Lusuer må i høve størrelsen vere ein av Noregs mest storkjefta fiskar – den vesle raude røvaren hadde klart å gape over heile trebelen på pilken.

Her var det i allfall fisk om ikkje anna. Nytt agn og nye sjansar…. – og det var ikkje mange pilkedrag før det skjedde. Først trudde eg det var botnen, men so starta ”botnen” å nappe og eg skjønte at her var det fast fisk på gong – og denne var i allfall so stor at steikepanna mi uansett kom til å bli for liten. Eg vedda ein halvliter øl med meg sjølv på at denne fisken garantert ville sprenge Regjeringa sitt nye relativt håplause minstemål for all fisk på 40 cm. Eit veddemål det skulle vise seg eg vant med god margin.

Det var ein kraftig fisk med mykje motstandskraft, og det var relativt tungt å få utysje opp frå 100 meter. Kva kunne det vere – brosme??, lange??, kveite?? – eller noko anna spennande. Pulsen auka og spenninga steig – kva kjem ut av havet denne gongen?? Meir rutinerte fiskarar kunne kanskje konstatert ut frå nappaktiviteten kva det var for noko, men eg hadde ikkje peiling… Nappa gjorde det meir eller mindre heile tida med vekslande styrke, og tungt var det.

Kvar i svarten hadde eg lagt kleppen?? – utanfor rekkevidde sjølvsagt, men den måtte hentast!! Når fisken spakna dei siste metrane opp mot overflata kom bilde frå barndomen med lina som flotna tilbake, og eg fekk henta fram kleppen og var klar…!!!

Brosme tenkte eg når eg fekk første glimt av fisken – og den var stor. Eg fekk manøvrert fisken inn til båtsida, kom på at eg skulle hatt litt lengre skaft på kleppen min, men fekk bøygd meg over rekka og hekta i kleppen slik at fisken ikkje kunne stikke av i eit evt. siste forsøk på å returnere til botnen.

Fisken kom om bord i båten, og brosma var brått blitt ei lange av ein slik størrelse som ein sjeldan ser so langt inne i fjordane. Langa vart uskadeleggjort, og frigjort frå krokar og takkel før eg omsider kunne koste på meg litt velfortent ros til meg sjølv.

25-kilosvekta som John Ivar hadde lurt inn på meg vart leita fram frå baggen, og langa vart løfta opp frå dørken. Sjutusentrehundredeogåtti gram stoppa vekta på – 7 380 gram, eller ”pålag sju og ein halv kilo” som det heitte når eg kom heim. Langt frå Gunnar sin klubbrekord på 22 kg, men likevel ny personleg bestenotering for lange.

Eg prøvde nokre nedslepp til slik at eg fekk brukt opp agna mine, men meir fisk vart det ikkje denne kvelden.

Stampen som eg hadde teke med til skatefangsten min vart for liten, og eg måtte ordre mine foreldre ned på heimekaia og lande fangsten før eg returnerte til småbåthamna, fortøydde båten og køyrde heim.

Husets skarpaste kniv vart gjort endå skarpare, og eg tok turen på kaia for å plukke ut innmat og slikt slik at det kunne leverast tilbake til havet. Fisken vart partert og salta etter alle kunstens reglar, og middag for påfølgande dag var bestemt – kokt lange og nypoteter J.

Når eg var vel heime i godstolen og premien frå veddemålet vart teken ut sjekka eg www.storfisker.no – konkurranse 2009. Langa mi ville få ein førebels 3. plass, so fangstrapport vart laga og sendt inn saman med bilde.

Eg sende sms til Helge om kveldens fangst og fekk endå meir ros + pluss ei oppmoding om å skrive ein liten tekst til heimesida… So då so...

Middagen smakte himmelsk, og endå er det meir lange i frysen til seinare herremåltid.

Det vart og oppretta handleliste etter turen – klepp med lengre skaft og målband slik at neste gong skal eg og få registrert lengde på dei skapningane som havet gjev i frå seg, og som eg klarar å få om bord i skipet.

Kva so med skata? – den skal endå ikkje føle seg trygg, for eg kjem garantert til å prøve fleire gonger…

PeRVe
fornøgd langefiskar…
LANGE: Fin fangst frå Gloppefjorden, men området har garantert større eksemplar.


NØGD FISKAR: Per Rune Vereide, her i kystklima under klubbturen til Askrova 15. august.