22.08.09
Spennande møte med artsrike Askrova

Dato: 14.–16.08.2009
Deltakarar: Gunnar Nødseth, Terje Rosnes, Per Rune Vereide, Wiggo Heimtun, Ivar Knapskog, Helge Johnsen.
Stad: Helgetur til Askrova, med base i Askrova Feriehus. Fiske i området aust og nord for Kvalsteinen.
Båt: To av Jan Lindgaards opne utleigebåtar, med tre fiskarar i kvar.
Vêr: Laurdag austleg liten kuling, regn og krapp sjø. Søndag sørvestleg bris og regnbyger.
Artar: Laurdag hyse, lange, lyr, torsk, sei, knurr (klubbrekord), glasvar (klubbrekord) og lusuer. Søndag lusuer, torsk, hyse, lange, knurr og makrell.

Medan tidlegare helgeturar ofte har vore prega av intenst fiske og lite tid og overskot til sosialt samvêr, la klubben denne gongen vekt på at opphaldet på Askrova også skulle gi rom for trivelege timar med prat og mat. Slik sett, gav Jan og Randi Lindegaards vakkert restaurerte Gamlestove ei perfekt ramme. Det gjorde i høgste grad også krepsen Jan hadde skaffa til fredagens matgilde, og berget av nykokt krabbe som vart eit kulinarisk høgdepunkt laurdag kveld, etter timar på havet i slingring og grisevêr.

Men først og fremst handla det om fisket. Turen var lagt opp med to konkurransar, som begge inngjekk i klubbcupen: Laurdag fem timars poengfiske med vanleg snøre, søndag poengfiske i tre timar med tynnline. Deltakarane delte seg i to grupper, Gunnar, Ivar og Terje i ein båt, Wiggo, Per Rune og Helge i den andre. Jan Lindgaard var med som kjentmann og båtførar i den eine av båtane.

Fisket laurdag gav raskt kontakt med bra hyse og lange av brukande storleik. Sjøen var fjørande og fisket avtok i ein periode, samstundes som vind, slagregn og sjøgang auka ufyseleg på. Men mot slutten av fisket tok fangsten seg opp att, med napp av fin lyr. På kaia kunne dei seks fiskarane vege inn til saman 72,1 kg fisk, av dette mange fine matlanger og flotte hyser som kom vart tekne under filetkniven. Høgast av alle nynna Helge, som hadde teke klubbrekord-glasvar på 1015 gram på agna, sjølvlysande pilk og knurr på 555 gram på opphengar agna med reke og makrell. Helge vog også inn størst mengde fisk etter endt fiske, men vart slegen i poengkonkurransen av Ivar, som med nesten like tung fangst men fleire artar i stampen nådde 115,1 poeng, mot Helges 110,8.

Tvilsame vêrmeldingar skapte uvisse for kvar søndagens tynnlinefiske skulle gå føre seg, og om det i det heile ville bli mogleg å kome på havet. Men silregnet gjekk over til byger, vinden la seg og fiskeforholda vart langt betre enn venta. Denne dagen vart det fiska tre timars konkurranse med 0.30 tynnline og ein krok, i stort sett det same området som på slutten av tevlinga dagen før.

Utteljinga vart overraskande låg. Hysene var på langt nær så pågåande som på laurdag, langene var nærast fråverande, og lyren såg ingen noko til. Til saman kom berre 16,3 kg fisk ombord, og totalfangsten vart knapt større enn det Helge og Ivar kvar hadde hatt i stampane sine dagen før. Fisket gav ingen klar peikepinn på at fisken gjekk for ein spesiell type takkel. Helge satsa på ulike typer slep med små krokar og reke/makrell som agn, i den tru at det kunne freiste ulike arter og at også stor fisk forsyner seg når lettvinte kanapéar passerer forbi. Taktikken gav utteljing, og Helge ende med å ta halvparten av totalfangsten på turen og sanke seg 53,85 poeng mot toaren Ivars 33,26.

Etter til saman seks turar, er stillinga i klubbcupen spennande og open. Helge har no teke leiinga, men berre to poeng skiljer han og Gunnar, og dei to neste ligg berre fem poeng bak leiaren. Kampen om den slogflekkete og illeluktande leiartrøya held fram på nye turar.


RØFT: Wiggo (t.v.) og Per Rune har fått kontakt med fisken.


SLO TIL: Ivar tok flest arter og vann laurdagens konkurranse.


TOLMOD: Per Rune og Wiggo freistar langene. Terje, Gunnar og Ivar fiskar i bakgrunnen.


TYNNLINE: Helge, Per Rune, båtførar Jan og Wiggo under søndagens tynnlinekonkurranse.


GODE BÅTAR: Fisket gjekk føre seg frå praktiske og sjøsterke småbåtar med god plass. Her er (f.v.) Gunnar, Terje og Ivar klare for fem timars konkurranse.


INNVEGING: Fangst vart det også. Klubbleiar Gunnar tok seg av registreringa.


MATFISK: Og så var det filetering. F.v. Per Rune, Helge, Terje og Wiggo.


DOBBELT: Helge sette nye klubbrekorder for både glasvar og knurr.


SOSIALT: Før ruskeveret sette inn, vart det triveleg prat på terrassen. F.v. vert og fiskeguide Jan, Terje, Helge, Per Rune, Ivar, Wiggo.


SOSIALT: Krepselag på kjøkenet. F.v. Per Rune, Helge, Gunnar, Ivar.


BASEN: Feriehuset der fiskarane heldt til. Perfekt for ei fiskehelg!