
|
|
13.01.10 12-kilos start på torskesesongen Både ved Askvoll og utanfor Florø har vinterlege turar gitt fin torsk. John Ivar Askevold har funne ein ”supergrunne” med fisk som dreg vekta til over 12 kilo. Storfangsten hans skjedde då han testa ein ny grunne vest for Atløy 29. november, med svært godt resultat. John Ivar fiska med Hakuma herring pilk, og kroka ein torskerugg på 12,3 kilo som største fisk. Totalt gav denne turen 26 torskar med snitt på 6–7 kilo. John Ivar besøkte grunnen igjen 2. januar, og opplevde også då godt fiske med stor fisk. Største torsk denne dagen vog 10,5 kilo. ”Supergrunnen” han nyleg oppdaga har gitt fleire fiskar i storleiken 8–10 kilo. John Ivar fortel at fortel at torsken også står andre plassar, men at den fisken jamt over er mindre. Men ein av stadane har mykje raudtorsk. Også lenger nord har det blitt torskefangstar. 12. desember var Gunnar Nødseth og Helge Johnsen av garde med Gunnars båt vest for Florø, på ein tillyst klubbtur som hadde fått for lita påmelding til at det høvde med vanleg opplegg og leigebåt. Dei to prøvde med agna pilk og oppheng på grunnane vest for Aralden, og fekk fin torsk og hyse, pluss litt lange og brosme. Ingen av fiskane var spesielt store, men det var mykje fin matfisk. Deretter vart det prøvd på djupet etter ueren, men fisket på rundt 200 meters djup gav berre småbrosme og hågjel. Nye nedslepp på ein annan potensiell uerplass gav ikkje kontakt med fisk i det heile.
|