
|
|
Romjulskonkurransen 04.02.06 Bilder fra turen finner du her Av Helge Johnsen
Deltagere: Gunnar Nødseth, Ivar Erik Knapskog, John Davy Oddekalv, Arild Sundal, Kenneth Sundal, Helge Johnsen. Ivar Erik slo til igjen Ivar Erik viste seg nok ein gong uovervinneleg, då klubben endeleg kom seg på sjøen for å halde ein sterkt forseinka romjulskonkurranse. Med ein totalfangst på 20,7 kilo, 8,85 kilo meir enn nestemann, og konkurransens største fisk i kassa, dreiv han direkte utklassing og sikra seg både pokal og Lawson-stong i premie.
Denne dagen hadde vi også med to nye medlemer, far og son Arild og Kenneth Sundal frå Førde. For første gong var fiskarar frå Førde i fleirtal på ein klubbtur. Dessutan reiste vi med ny skipper og ny båt. Hovudæra for at turen vart så vellukka som den vart, må tilskrivast Dagmund Madsens kunnskapar og evne til å finne fisk, og ikkje minst korleis han manøvrerte og heldt posisjonen i vind og sterk drift. Sjarken hans, ”Dagur”, er bortimot perfekt å drive havfiske frå. Fisket varte i fem timar, frå kl. 0855 til 1355. Vinden sette klare grenser for kvar det kunne fiskast, og avskar oss frå å dra til dei spennande plassane vest for Ytterøyane. Vi la oss i le så godt vi kunne nord for Reksta, og fiska i eit par område nordaust for Rognaldsvåg. Fisket tok til ved fjøre sjø, men sjølv då det flødde, viste det seg at fisken som viste på ekkoloddet beit dårleg på pilk. Sjølv torsken gjekk mest etter agn. På nokre stader såg det ut til at han beita havnål (som det i det seinare har blitt enormt mykje av i sjøen) og store tanglopper over holer med roten tare på rundt 30 meters djup. Difor skifte fleire ut pilken med søkke og kort slep. Andre satsa på agna pilk. Små, lette pilkar på 250 gram gav større utteljing enn dei tyngre. I valet mellom gummimakkar og agnkrokar på opphenget, verka det som om krokar agna med makrell fanga best. Fleire prøvde også reke, men fisken var ivrigast etter makrellen, i den grad han var bitelysten i det heile. Totalfangsten då fisketida var ute, var ikkje rekordstor. På den andre sida, har det sjeldan vore teke så mykje fin mattorsk under ein klubbtur. Mest beit det hos Ivar Erik, som fekk det til å fungere med eit oppheng der Owner-krok i storleik 4/O var kombinert med ein liten bit sjølvlysande slange og ditto perle. Ivar Erik tok til saman 20,7 kilo, inkludert turens største fisk, ein torsk på 3,78 kilo. Dette sikra sigeren med solid margin til John Davy, som noterte seg med 11,85 kilo totalt. John Davy fekk på si side opplevinga av å fange sin første pigghå på stong. Turen med Dagmund Madsen og ”Dagur” gav meirsmak. Neste mål er ein klubbtur ute på djupet, etter ueren og dei store langene.
Resultat, samla vekt:
Største fisk:
|