ROMJULSKONKURRANSEN ENDELEG I HAMN.  Bilder fra turen finner du her

Deltakarar: Bjarte England, Svein Erik Henriksen, John Ivar Askevold, Ivar Erik Knapskog og John Davy Oddekalv.

Båt: ”Dagur” med Kristian Espeset som skipper.

Ver: Opphaldsver, men austleg kuling.

Artar: Torsk, sei, lange, brosme, pigghå, lusuer, kviting og hyse.

Knappe to månader forseinka vart endeleg romjulskonkurransen avvikla. Også denne gongen leika vêrgudane med oss. Stiv kuling frå aust gjorde turen til ei frisk oppleving.

Fem mann møtte opp og mønstra på ”Dagur” med Kristian Espeset som skipper. Ein jobb han kom vel frå. Trass i sterk vind manøvrerte Espeset båten framifrå og gjorde fisketilhøva rettferdige og gode.

Grunna vinden heldt vi oss innaskjers i Årebrotsfjorden. Her fiska vi på djupner frå 25 – 100 meter. Fleire ulike utstyrsvariantar blei forsøkt, men kombinasjonen agn og pilk viste seg å gje best resultat.

Fangsten var ikkje så mykje å skryte av, men etter fire og ein halv times fiske var dryge 50 kg fisk fordelt på 8 artar om bord. For det meste smålanger frå 1 – 3,5 kg samt nokre hyser, pigghåar og torskar. Høgdepunkta stod Bjarte og Ivar Erik for. Bjarte med klubbrekord på pigghå, 2,42 kg. Og Ivar Erik med dagens største, ein fin torsk på 6,2 kg. Med den har han og fått inn årets første registrering på ”Midtsidefisken”.

Trygt i hamn vart fangsten vegen inn og premiane utdelt. Takk til Seeberg og Chatlet Sport for sponsing av premiar. Resultatlista viste til slutt at einaste florøværingen om bord utfiska ”firarbanden” frå Førde og tok eit nytt stikk i vandrepokalen..