Inge leiar torske-tevlinga

Av Helge Johnsen

Første vårtur vest for Florø gav skikkeleg utteljing for Inge Ødegaard. Med ein torsk på heile 9,7 kilo sikra han seg ei solid leiing i tevlinga om årets Midtsidefisk.

Fisken vart teken laurdag 24. mars i området ved Aralden. Inge fiska saman med Ivar Knapskog, Helge Johnsen, skipper Stein Hegranes (som stilte med båten ”Loyd”) og Steins svigerson Hans Jørgen Selvik.

Vêret var perfekt, med vårvarme og bortimot vindstille, sjølv om gammal havsjø gav ein god del slingring medan det vart fiska lengst vest.

Inge tok berre to torskar, pluss nokre sei som vart sleppte ut att. Men stortorsken hans tok så hardt og brutalt at Inge og stonga nesten stupte over ripa då fisken hogg. Inges hemmelege medisin denne gongen var heimelaga slep og gulna årgangsmakrell som alt anna enn hummar ville snu seg bort frå i avsky. Så feil kan ein ta. Heretter må det reknast som bevist at torsken ser romsleg på datostemplingar.

Ivar tok fem bra hyser, brosme, lange og torsk.

Helge sikra seg fine hyser og lyr som dagen etter vart til prima fiskekaker, dessutan torsk og ei lovande brosme (som diverre var full av kveis), pluss sei som fekk fridomen tilbake.

Hans Jørgen fekk turens flottaste og sprekaste lyr på 4,5 kilo, pluss hyse og torsk, medan svigerfar Stein for det meste konsentrerte seg om å leggje båten i drifter over lovande fiskeplassar. Med finvêr, god stemning om bord og spennande fiske, vart det ganske enkelt ein kjempetur.