Indrefjordingane sin dag

Tekst/foto: Helge Johnsen

Per Rune Vereide frå Gloppen og Arild Sundal frå Førde viste at indrefjordingar ikkje er til å spøkje med på havfiskefeltet. Per Rune vann romjulskonkurransen med fleire bra hyser og stor kviting. Han har no første nappet i den nye vandrepokalen for romjulstevlinga. Arild tok turens største fisk; ein sei på 2,7 kg.

DATO: 29. desember 2007
DELTAKARAR: Gunnar Nødseth, Per Rune Vereide, Terje Rosnes, Ivar Knapskog, Arild Sundal, Helge Johnsen.
BÅT: ”Dagur”, skipper Christian Espeseth.
VÊR: Kaldt, kraftig regn, moderat sjø, periodar med frisk vind.
ARTER: Hyse, sei, lange, kviting, torsk.

Vinterens skiftande og urolege vêr spolerte denne gongen ikkje romjulsturen, slik klubben opplevde i fjor. Seks deltakarar stilte laurdagsmorgonen, og medan ”Dagur” før stod ut av Florø hamn i nitida, gjorde morgonfrosne fiskarar agn og takkel klare og budde seg på å prøve nye plassar i nærleiken av Askrova.

”Dagurs” sidepropellar gjer at båten kan haldast svært nøyaktig, og Christian Espeseths manøvrering gjorde at snøra nesten til kvar tid stod beint og flott i sjøen. Men det store bitet vart det aldri. Korkje blanke, sildeliknande pilkar, blekksprutpilkar, gummimakk- eller agnkrokopphengarar, eller den stor shaden Ivar prøvde med, fekk fisket til å ta av.

I byrjinga vart det teke mest hyser, og fleire fine eksemplar hamna i stampane medan det vart fiska ved Marflostøda, Indre Vågen, og Esøybåen. Også torsk og smålange let seg overliste, men det verka som all fisk stod spreidd og knapt. Stort sett kom nappa i periodar som varte berre nokre få minutt.

I siste del av turen trefte vi på nokså stor kviting som jaga rundt og beita havnål i området 30–60 meters djup. Her beit det på fleire stenger samstundes, og det vart teke fleire kvitingar på kiloen eller over. Per Rune Vereide var tett ved å slå John Ivar Askevolds ferske klubbrekord, men mangla 20 gram med sitt største eksemplar.

Største fiskane vart tekne av Arild Sundal, som tok ein sei på 2,1 kg og ein torsk på 2,5 kg. Tredje største fisk var Per Rune Vereides tyngste hyse på 2,1 kg. Sundal miste ein fisk som truleg var sei eller diger lyr, og som etter åtferda å døme kunne ha blitt turens største.

Samanlagt, tok Per Rune Vereide størst fangst, følgt av Arild Sundal. Vereide fiska for det meste med sjølvlysande blekksprutpilk, og med agna gummimakkar som opphengjarar.

RESULTATLISTE:
Navn Samla vekt
Per R. Vereide 14,3 kg
Arild Sundal 13,8 kg
Ivar Knapstad 10,6 kg
Helge Johnsen 9,8 kg
Terje Rosnes 7,2 kg
Gunnar Nødseth 6,6 kg


VINNARANE: Våt sigersseremoni i hamna. Klubbleiar Terje Rosnes gratulerer Per Rune Vereide med største fangst. T.h. Arild Sundal, som tok største fisk på turen.


KALDT: Desember er desember. Terje og Gunnar står med håp i hengande snøre.


PÅ HOGGET: Per Rune i aksjon.


EKSPERIMENTERTE: Ivar prøvde stor shad, men utan å ta storfisken.


FOR LETT: Gunnar jakta på kvitingrekord, men vekta viste ikkje nok.


HELD DEN? Arild sjekka om hysa heldt minstemålet på 40 cm