Ti artar på to dagar. Bjordalsturen, 21.–23. april.  (Bilder fra turen finner du her)

Av Helge Johnsen

Deltakarar: John Davy Oddekalv, Helge Johnsen, Bjarte England.
Båt: Nesheim campings skjærgårdsjeep.
Vêr: Vekslande, frå vind og regn, til solskin og blank sjø.
Artar vi fekk: Kveite, torsk, sei, lyr, lange, sandflyndre, glasvar, knurr, hyse, lusuer

Forventningane vart ikkje gjort til skamme, då klubbens tre representantar starta fisket på for oss jomfrueleg fjord i Sogn. Knapt hadde slepa dansa over fin flyndrebotn i ti minutt, før stonga til John Davy stod i boge. Men det var ikkje den raudspetta vi trudde. Det var ei lita kveite på 1,62 kg. som kom til overflata.Kveita til JD

Med ein slik start, kunne turen ikkje anna enn bli vellukka. Vi hadde kome til Bjordal fredagskvelden før og innlosjert oss på hytta, som ligg så kloss ved sjøen at Helge utpå kveldinga kunne stå i tøfler og fiske torsk med kastestong. Om natta bles det opp, og då vi starta fisket laurdag morgon, var vi litt usikre på om vinden kom til å drive båten så raskt at slepa ville gå for fort over botnen.

Den otten viste seg å vere utan grunn. Faktisk oppdaga vi i løpet av turen at litt småfrisk vind berre sette passeleg liv i slepa. Fisket var best under desse forholda, sjølv når det var fjørande sjø. I periodar då vinden løya og båten meir eller mindre vart liggjande i ro, dabba fisket av.

Fuglesetfjorden er perfekt for agnfiske, og Ownerkrokar agna med reker, makrell og sild gjorde susen. Vi fiska med slep og bom, i første omgang etter flatfisken ved ein terskel midt i fjorden, og kom over eit område der det viste seg å vere mykje glasvar. Ingen av dei vi fekk, nådde likevel opp mot gjeldande klubbrekord. I løpet av fire timar kom det også om bord fin matlange, og vidare hyse, sandflyndre, knurr, torsk, lusuer og ein lyr på 4,32 kilo som John Davy overlista og som vart turens største fisk og første bidrag i klubbkonkurransen om Midtsidelyren. Bjarte fanga fine langer, pluss dagens største glasvar på 0,62 kilo, medan Helge sikra seg både torsk, lange og hyse.

Helge med hyse Etter mat og litt kvile la vi turen utover mot området der Fuglesetfjorden munnar ut i hovudfjorden, og der det skal stå stor lange og brosme ved skrentane. Helge hadde med eit batteridrive ekkolodd som vart brukt til leite etter kantane, men utforskinga vart likevel famlande og vi opplevde dessutan at vind og straum gjekk kvar sin veg og la båten meir eller mindre i ro i periodar.

Sidan storfisken uteblei, drog vi innover i fjorden igjen og prøvde i eit område der det skal vere steinbit. Men truleg var det for tidleg på året til at han var komen på plassen sin. Vi fekk ikkje kontakt med han, men Lawson-stengene fekk prøvd seg på langene, glasvaren og torsken.

Dagen vart avslutta med eit festmåltid av kokt torsk og lange, medan røynslene vart oppsummert rundt bordet og forventningane spent til dagen etter.

Søndagsmorgonen viste seg å bli regntung i starten, og med spakare vind. Denne dagen sikta vi oss inn på flatfisken og storvaksen lyr som skal halde til i det indre bassenget i fjorden. Men etter å ha treft på mudderbotn og ikkje kjent napp på ein halvtime, drog vi utover igjen og starta fisket på den terskelen der vi hadde vore dagen før. Der slo John Davy til med dagens største fisk og turens tiande art, ein sei på 3,23 kilo, som beit på medan han sveiva raskt opp for å skifte agn. Helge prøvde bom og slep med gummimark som han sveiva raskt opp og ned i vasslaga, i håp om å treffe på seien, men til fånyttes. Derimot tok han ein torsk som gulpa blank småsild ut over dørken. Elles vart det ein del lange og mykje glasvar, før vi sette sluttstrek og budde oss på returen.

Fisket i Fuglesetfjorden vart ei spennande oppleving, og vi vart raskt klar over at det er mykje meir å utforske der enn ein vinn over på to effektive fiskedagar. I tillegg opplevde vi ein service hos Nesheim camping som gav meirsmak. Jon Nesheims kunnskap om fjorden og genuine fiskeinteresse auka heilt klart verdien av turen. Fjordane har eit stort havfiskepotensiale, ikkje minst når det gjeld mangfaldet av artar. Fuglesetfjorden er eit framifrå døme på det.