Første tur i jakta på ei Penn GLD20 snelle

Tekst/foto: Gunnar Nødseth (bildeserie nederst på sida)

Det er lørdag den 23 august og planen er en tur på havet etter dei heilt store. Vi er seks kara som med tungt hjerte har slitt seg laus fra husvask, maling, plenklipp og ellers huslege sysler for å skaffe tilveie sårt tiltrengt fisk til frysaren slik at familien har fisk til middag utover hausten og vinteren. Ellers var iveren stor til å være med på denne turen, vi var egentlig 8 påmeldte men mens Ivar leita etter båt nummer to meldte to mann avbud så vi enda opp med seks.

Været er upåklageleg, sola skin og det er ingen vind. Sjøen starter å flø kl 1000 så vi vil få veksande sjø under heile fisket. Dei som motvillig let seg true med denne gongen var Wiggo, Ivar, Svein Erik, Arild og Sonen Kenneth, dessutan undertegna Gunnar. Båten vi nytta var Dagur med skipper Christian. Christian er ein likandes kar som spring rundt og hjelper til med å kleppe og ruske opp i snører som har rota seg sammen.

Vi bestemte oss for å gå ut mot Kvalsteinen, dette er eit område vi ikkje har fiska i før difor var spenninga stor når vi gjekk utover. Denne cupen er lagt opp slik at vi fiskar etter poeng, kvar fisk gir fra 5 til 20 poeng etter kva sort fisk det er. Vekta gir et poeng for kvar kg. Fisket starta bra med både lyr, hyser og lange. Det visste seg å være bra med hyse og den var fin størrele på. Alle om bord venta på torsken men den ser ut til å være sjelden vare for tida, vi fekk ombord to stykker, den eine var under minstemålet. Litt utpå dagen fekk han Kenneth ei kveite på ca 2,5 kilo, den gir 20 poeng men sidan han ikkje er medlem i klubben for tida kan han ikkje være med å tevle om den gjeve snella. Wiggo og Gunnar fekk kvar sin knurr som gir 10 poeng. Artane som blei tatt på turen var: Torsk, kveite, lyr, makrell, uer, knurr, hyse, hvitting, brosme, lange og sist men ikkje minst, kveite.

Turen blei litt avkorta, då det gjenstod en og en halv time merka Christian at han ikkje fikk stigning på propellen. Vi bestemte oss derfor å gå til lands siden det lett kunne bli en tur på to og en halv time inn igjen til Florø.

Det var en flott dag på sjøen med så og seie havblikk, det var synd at vi måtte avbryte før tida men dette er ting vi ikkje rår over så vi lyt berre ta det med

Resultat
Navn Fiskepoeng Kg Totalt
Wiggo Heimtun 55 12.9 67.9
Gunnar Nødseth 50 8.5 58.5
S. E. Hendriksen 30 7.1 37.1
Ivar Knapskog 25 7.1 32.1
Arild Sundal 10 3.5 13.5

Bilder frå turen (alle foto: Gunnar Nødseth)