|
REFERAT FRÅ ØYGARDEN OG HELLESØY HAVFISKEFESTIVAL - Bilder fra turen finner du her
Fem mann frå klubben hadde ei flott helg frå 14 – 16. oktober. Nydeleg vêr, flotte omgjevnadar og godt kameratskap var ramme for ei god havfiskehelg ytst i Øygarden. Resultatmessig var det ingen frå klubben som gjorde dei store innhogga på premiebordet. Men vi fekk med oss ein premie, ny klubbrekord og personlege rekordar.
Det var fem ivrige og spente karar frå klubben som innlosjerte seg på Hellesøy fredag ettermiddag. Inge, John Davy og Ivar Erik herbergerte på vandrarheimen, medan Jan og Gunnar fann seg til rette i bubilen til Jan. Alt berre eit kort kast med slukstanga frå kaiområdet og båtane.
Fredagen vart nytta til registrering, sjekkinga av båtlister, knyting av takkel, klargjering av utstyr og ein god del ”bolsing” over godt drikke. Bubilen til Jan var ei stund fylt til ripa av havfiskarar i godt humør.
Veret var godt og meldingane enno betre, det låg an til å bli den beste helga på månadsvis.
Laurdag – Øygarden havfiskefestival
Laurdag var det tidleg opp og ned på kaia for å kjøpe agn og finne båtane vi skulle vere på. Vi vart plasserte rundt på ulike båtar, håpet fekk vere at ein av oss i alle fall var heldige med trekkinga av båt. Konkurranseforma var poengfiske.
Med morgonsola i hekken la båtane kursen vestover mot områda mellom Øygarden og Fedje. Litt ”gamal” opprørt sjø gav dønningar, men elles var det praktisk talt vindstille. Straumstille var det derimot ikkje, spesielt tidleg på dagen var tilhøva vanskeleg for båtførarane. Straumen drog ein veg, vinddraget ein annan. Mange fekk difor snøra under båten, medan andre meir eller mindre ”dorga”.
Uansett, litt fisk kom ombord og tilhøva betra seg utover dagen.
Ved innveging viste det seg at ingen frå klubben klarte å plassere seg blant dei 10 beste, men Gunnar klarte med sine 354,80 poeng å kapre ein 12 plass. Noko som og gav han ein pilk som premie.
Plasseringane var:
12. Gunnar Nødseth 354,80 poeng
17. Jan William Midtbø 319,00 poeng
38. Inge Ødegård 251,80 poeng
42. John Davy Oddekalv 227,65 poeng
52. Ivar Erik Knapskog 200,80 poeng
Dagens fangst for oss i klubben var nok vassilda til Jan på 880 gram. Ny art og følgjeleg ny klubbrekord. I tillegg tok Jan ei kolmule som nesten var ny klubbrekord. Elles blei det teke hyse, torsk, uer, lange, brosme og pigghå.
Vinnar av konkurransen vart Trond Sæle frå Bergen HK som med sine 428,80 poeng tok ein knipen siger føre Stig Helland frå Bjørgvin HK.
Søndag – Hellesøy havfiskefestival
Søndag var det tidleg opp og same prosedyre som for laurdag. Fisket denne dagen var klassisk kilofiske. Veret var nok ein gong strålande og det meste skulle ligge til rette for ein god fiskedag. Så var det berre å håpe at trekkinga av båtane og ikkje minst plasseringa på båten skulle slå betre ut på resultatlistene.
Dei fleste båtane valte også denne dagen å gå ut i området mellom Øygarden og Fedje for å gå etter lange og brosme. Men nokre få valte å halde seg meir innaskjers for å dra hyse og sei. I etterpåklokskapens lys så var det nok smartast å satse på lange og brosme trass i vanskeleg straumforhold også denne dagen..
For klubben sin del var det resultat midt på treet. Jan var best på ein 16. plass med 24,53 kg. Litt surt at han ikkje fekk med seg premie sidan han dagen før hadde ein 17. plass.
Plasseringane var:
16. Jan William Midtbø 24,53 kg
22. Ivar Erik Knapskog 21,89 kg
30. John Davy Oddekalv 20.00 kg
40. Inge Ødegård 16,14 kg
43. Gunnar Nødseth 14,14 kg
Dagen fisk var Inge si lange på 12,6 kg, noko som var ny pers.
Vinnar av konkurransen i herreklassen var Bjørn Bakkelid frå Trondheim HK med 44,57 kg. Årets Norgescup vinnar fornekta seg ikkje. Florø HK gratulerer med siger i festivalen og Norgescupen.
Lagmessig så gjorde vi det tålig bra, ein 6. plass av 16 firemannslag bør vi vere nøgde med.
Til slutt ros til Bergen HK for eit fint arrangement. Trass i litt smårusk med feil med målepinnar og treg innveging laurdag. Vil spesielt trekke fram det positive i å gje undermålsfisk som ressurs til dyrebeskyttelsen. Slike tiltak er viktig for å gje havfisket eit godt rykte
John Davy Oddekalv
|