Røst - sommaren 2008.  (Bilder nederst i artikkelen)
Av John Davy Oddekalv

”Eg klarar ikkje heilt å bli vande med ditta” sa Bjarte England midt i ei hektisk fiskeøkt, der femkilos torsk vart ei ”plage” og laut fint setjast tilbake. Ei treffande oppsummering for ei vekes fiske på Røst. Det tek tid å venje seg med fangstane der. Ei vekes opphald gav fleire storfiskar deriblant to nye klubbrekordar og ei mengde personlige rekordar.

Deltakarar:
Bjarte England, John Ivar Askevold, Svein Erik Henriksen og John Davy Oddekalv

Fiskeslag med største eksemplar:
Torsk (14,8 kg)
Sei (12,58 kg)
Kveite (16,22 kg)
Hyse (3,44 kg)
Brosme (6,3 kg)
Rødspette (0,7 kg)
Lange (1,5 kg)

Startproblem
Rett nok starta ikkje turen heilt som planlagt. Opel og dieselpumpe er dårleg kombinasjon, det fekk John Ivar erfare når han måtte tilkalle Viking og slepe bilen til næraste verkstad i Sør- Trøndelag. Men etter ompakking og tre mann i ein pick up til Trondheim så ordna det seg. For John Davy førte innstilt ferjeavgang til ein dags forseinka avgang frå Lofoten. Så medan dei andre karane kom seg på Røsthavet allereie søndagskveld måtte han vere ei natt ekstra i ektesenga. Noko som kanskje var utslagsgjevande seinare i veka?

Gode tilhøve
På Røst var vi innlosjerte hjå det svenske firmaet Wild Water drive av Kristian Keskitalo. Ingen tvil om at dette er ein profesjonell fiskecamp som er svært veldriven. Gode og velutstyrte båtar, bra hytter, godt opplegg for reinsing og oppbevaring av fisk og ikkje minst dyktige guidar. Når dei i tillegg har ein enorm fiskerikdom lett tilgjengelig så er det lett å forstå at dei har fått seg eit namn i sportsfiskekretsar i inn og utland. At dei ikkje er like populære hjå alle i lokalbefolkninga kan ein dog forstå. Bruken av undervasskamera for å finne dei gode fiskeplassane er i alle fall diskutabel. Sikkert ikkje alle som er einige med oss, men når ein aktivt brukar kamera for til dømes å finne dei beste flyndreplassane så blir det litt tvilsamt. Uansett så klarte vi oss fint utan guide og undervasskamera. Sjølv om fiskerikdommen rundt Røst er stor så er det ikkje berre å reise ut, kaste pilken og hale inn fisk. Det dreiar seg i stor grad om å vere på rett stad til rett tid. Straumane i området er sterke og fisken står på bestemte stadar. Om ein i tillegg går spesifikt for kveite så må ein rekne med at det ikkje alltid blir fisk i båten. Vi brukte derfor litt tid på å finne dei rette plassane. I tillegg er Røst verutsett så ein må nesten rekne med at nokre dagar bles vekk i løpet av ei veke. Slike dagar er det mogeleg å fiske innaskjærs, men det gjev som regel mindre fangst, om ikkje kveita dukkar opp då.

Rett på havet
Fiskefeberen reiv godt når dei tre langvegsfarande kom til Røst søndagskvelden. Trass i lite søvn så måtte dei ut på havet ein tur. Blikkstille hav og midnattsol møtte dei på Røsthavet, fisket derimot stod ikkje i stil til veret. John Ivar si brosme på dryge 6 kilo og Bjarte sin 7 kilos torsk vart nattas bestenoteringar.

Blåsedag med rødspette
I følge guidane på campen er flyndrefisket på Røst ”hur bra som helst och i världsklass”. Måndagen fekk vi høve til å teste dette. Det blåste opp til nordaustkuling så fisket måtte skje innaskjers. Men med avdrift på 3 – 4 knop var det vanskelig å fiske effektivt og resultatet blei heller magert. Bjarte klarte å lure opp ei spette på omlag 700 gram som dagens fisk. Guidebåten på campen hadde drege nokre fine spetter opp mot 2 kilo. Men med undervasskamera, oppankring og flupose så stilte dei med litt sterkare kort.

Torskekongen frå Naustdal
Tysdagen skulle vi endeleg få kontakt med storfisk. Etter å ha rota litt rundt på nokre skallar som både såg og høyrdes bra ut så måtte vi berre innsjå at namnet ”Seiskallen” ikkje er synonymt med sei. Vi flytta oss og byrja å dra fisk. Spesielt hadde Svein Erik ein god dag med fleire fine torskar over 10 kilo og ein toppfisk på 14,8. Og som litt ekstra krydder så smaug han ei lita kveite på dryge tre kilo opp i fiskekassen også. Alle saman fekk torsk over 10 kilo, i tillegg fekk vi fleire flotte seiar mellom 5 og 10 kg. Frå den andre havfiskecampen på Røst kom meldingane om at nokre danskar hadde landa ei kveite på 169 kg!

Kveitejakt
Onsdag brukte vi heile dagen på å komme i kontakt med kveita. Etter gode tips om takkel og fiskeplassar brukte vi dagen på å jakte kveite. Fleire gode drifter på kjende kveiteplassar med heil sei og shads som lokkemiddel gav ikkje kontakt med anna fisk enn torsk og smålanger. Kveita glimra med sitt fråver. Dagen etter fiska guidebåten i same området med like magert resultat. Med kameraet i beredskap kunne dei formidla at der ikkje var kveite i området. Greitt å vite, så var det ikkje oss det var noko gale med.

Storsei og kveite
Torsdagen kom med gode vertilhøve. Etter å ha lese kart, snakka med guidar og andre gjestar på fiskecampen så hadde vi planen klar, no skulle storseien og kveita i båten. Allereie på første nedslepp vart det fullklaff. Ein storsei tok shaden til John Davy og kunne etter ein flott fight landast. Vekta stogga på 10,55 kg, solid forbetring av personlig rekord. Så var det Bjarte sin tur til å kjenne på storseien sine krefter. Etter ein god drakamp vart ein nydeleg storsei kleppa ombord. Kunne det vere ny klubbrekord? Kontrollveging i land nokre timar seinare synte 12,58 kg, ny klubbrekord med nokre få hekto. Fleire fine seiar og torskar kom ombord før Bjarte nok ein gong får kontakt med storfisk. Fisken oppfører seg annleis, stanging og heftige utras. John Ivar er raskt frampå og påstår kveite. Eit par minutt etter kjem svaret over ripa. Ei flott kveite på dryge 9 kilo vert kleppa ombord. Nok ein ny klubbrekord til Bjarte. Men det skulle ikkje stoppe med det. Plassen der kveita tok vart merka på GPSen og vi gjorde klar til eit nytt drift over samme staden. Ganske nøyaktig på same staden fekk John Davy kontakt med moder jord, etter litt bakking og tautrekking løsna krokfestet og shaden vart sveiva hurtig inn nokre meter før det vart bomstopp og så utras. Forsiktig pumping løfta fisken opp i vasslaga og etter eit par fine utras kunne nok ei kveite skimtast i djupet. Trygt kleppa av John Ivar enda ho i båten. Vekta i land synte 16,22 kg, ny pers og klubbrekord.

I bar overkropp vest av Skomvær fyr.
Fredagen skulle bli den flottaste dagen vermessig. Strålande sol og blikkstille hav gjorde at vi skifta fiskefelt til områda sørvest av Røst. I ein fantastisk skjergard vart det ei mektig oppleving å ta seg ut til fiskeplassane. I følge guiden var det her ute sjansen for stortorsk var aller størst. Diverre traff vi ikkje storfisken, om ein ser bort frå torskekongen Henriksen som på sedvanleg vis drog eit par fine torskar på 10 kg+. Men vi fann mengder av torsk i 3 – 5 kilosklassen. Pilking vart det ikkje tid til, for fisken tok på nedslepp. Dette var langt meir enn kva vi kunne hanskast med og transportere heim. Mesteparten av fisken vart difor fint returnert dit han kom frå. Så etter ein god time flytta vi på leiting etter storfisken, med heller magert resultat. Det næraste vi kom var hysene som John Davy tok på balansepilk. Den største berre eit par hekto frå klubbrekorden. Sjølv om ikkje fiske var all verden denne dagen så vart det ein strålande dag. Så strålande at John Ivar fiska mesteparten av tida i bar overkropp. Ikkje så ofte det er mogeleg eit par sjømil vest av Skomvær fyr. Vel i land så viste det seg at nokre svenskar hadde vore i omlag same område som oss, dei hadde funne fisk og hatt eit fantastisk fiske etter stortorsk og storsei.

Kveitedorging
Lørdag blei siste fiskedag, diverre kom nordakulingen for fullt så vi blei tvungen innaskjærs. Vi brukte dagen på kveitedorging med dyprigg og litt spettefiske utan at det gav teljande resultat.

Kort oppsummert så stod opphaldet på Røst nesten til forventningane. Masse flott fisk kom ombord og området rundt Røst er ei naturperle vel verdt å få med seg. Litt skuffa over at vi ikkje fekk større sei og torsk over 15 kg. Men noko må jo sparast til neste høve. For det er ingen tvil om at det freistar med ein ny tur.