Velkommen til våre nettsider

14.08.08 - Klart for ny klubbtur

Det blir klubbtur med utror frå Florø laurdag 23. eller søndag 24. august, alt etter kva dag vêret blir best. Turen vil gå vest for Florø, med tevling som inngår i klubb-cupen som tidlegare er omtala på nettsida. Det blir gitt nærare melding om endeleg dato, pris per deltakar og om poengsystemet det skal fiskast etter, når turen nærmar seg.

Påmelding til Ivar Knapskog, tlf. 92 43 34 17.

Bindande påmelding innan onsdag 20. august


09.07.08 - Klubb-cup etter sommarferien

Hald stenger og takkel klare til haust- og vintersesongen. Då legg klubben opp til ein eigen cup, med ein premie det er verd å trasse regn og vind for å vinne: Ikkje mindre enn ei Penn GLD 20-snelle.

Alle terminfesta turar fram til neste årsmøte vil inngå i cupen. Dette vil gjelde både dei ordinære klubbturane, og festivalar som blir ført opp på våre eigne terminlister. Fangstar tekne på privatturar tel med andre ord ikkje i denne konkurransen. Her vil det handle om å stille på dei organiserte turane, og om å ta gode fangstar når ein er med.

Terminlista for andre halvår blir kunngjort innan slutten av skuleferien, men første klubbtur blir truleg i ei av dei siste helgane i august. Innan den tid, vil det også bli endeleg fastlagt kva poengsystem det skal fiskast etter.


21.06.08 - RØST 2008

Fire medlemar i FHK tek komande veke turen til Røst for å lure storsei, stortorsk og kveite.

Dei fleste havfiskarar har ”våte draumar” om å få kveite. Komande veke vil fire av medlemane i FHK gjere eit forsøk på å realisere draumen. Ei veke på havfiskemekkaet Røst ligg framfor Bjarte England, John Ivar Askevold, Svein Erik Henriksen og John Davy Oddekalv. Her skal vi hospitere hos www.wildwater.se. På øya ytst i Lofoten er sjansane for å møte kveite og skikkelig storsei svært gode, så nokre av klubbrekordane bør ligge dårleg an. I tillegg til kveite og storsei så er det gode sjansar for stor torsk, raudspette og steinbit. Målet må vere at ein av oss klarar å ta ”Wildwater Norway grand slam.” Det er trippelen torsk, sei og kveite over 15 kg i løpet av opphaldet. Hittil i år er det berre ein mann som har klart det.


16.06.08 - Lyrerekorden løfta med ein kilo

Arild Grytten har sett ny klubbrekord for lyr, etter å ha fanga ein bronsetorpedo på 8 kilo aust for Svanøy 4. mai.

Grytten fortel at fisken beit medan han eigentleg var oppteken av å ta bilete av solnedgangen over Floralandet. Han var på båttur med kona i området nær Svanøy, og hadde fiska etter sei med svenskepilk og gummimakk som oppheng, men berre fått lyr. Då sola gjekk ned, var dei i ferd med å avslutte fisket, og Grytten hadde 20-30 meter snøre hengande ute, medan båten rak med straumen austover i Brufjorden.

- Etter å ha fått dei bileta eg ønskte, bestemte eg meg for å dra heim. Medan eg sveiva inn, såg eg ein mørk skugge rase gjennom sjøen mot snøret, hogge til og dra ut 50-60 m på få sekund. Loddet synte 200 m, så eg gjekk ut frå at dette måtte vere ein laks. Etterkvart viste det seg at det var ein flott lyr som eg bestemte meg for å ta usløgd heim for veging på nøyaktig vekt, fortel den nye rekordhaldaren.

Den tilsende dokumentasjonen viser at fisken vog 8 kg og hadde ei lengde på 90 cm. Grytten opplyser at han brukte Ambassadeur 9000 Big Game snelle, og ABU Garcia Big Game 30 lbs stong, då han tok tungvektarlyren. Arild Gryttens rekordlyr vart teken nær fem år etter den tidlegare rekordfisken, som var på 7,03 kg og vart fiska av Helge Johnsen nordaust for Skongenes fyr på Vågsøy..

Sjå bilde på rekordlista


12.06.08 - Gloppen-turen gav ny klubbrekord

Per Rune Vereide slo til på heimebane med med ny klubbrekord på lusuer, då havfiskeklubben besøkte fjordane ved Gloppen. Til saman vart det teke ni artar, men piggskatene, storlangene og kveitene som finst dette området fekk ingen av dei sju deltakarane kontakt med.

Meir...


12.06.08 - Klarare reglar for rekord-registreringar

Florø Havfiskeklubb innfører klarare reglar for innmelding av rekordfisk og Midtsidefisk. Krava til dokumentasjon blir no tilpassa den praksis som er vanleg i fleire andre klubbar, og i Alt om Fiskes konkurranse

Last ned REGLAR og innmeldingsskjema her


02.06.08 - Lysing i indre Førdefjorden

Det verkar som godversperioden siste dagane har vekt fjordane til liv. I alle fall var dette tilfelle i Førdefjorden sist søndag. Der tok Helge J. og fiskekompis Arne Stubhaug sju artar på tre timar, inkludert lysing, fem minutts båttur frå Førde sentrum.

Meir...


26.05.08 - Steinbit på 5,2 kg

John Ivar Askevold knuste til med ny klubbrekord for steinbit, under ein tur til Nord-Norge 15. mai.

Les meir og sjå bilde her.


21.05.08 - Klubbtur til Gloppen 7. juni

Havfiskeklubben prøver nye felt: Laurdag 7. juni tek vi klubbtur til Gloppen og utforskar fjordarmar med mykje spennande fisk. Bindande påmelding innan 1. juni.

Blir det bra påmelding, vil det bli fiska frå to båtar. Fisket vil truleg ha tidsramme frå 09 til 15. Deltakarane vil få melding om avreisestad seinare. Skulle fleire melde seg på enn båtane ha plass til, vil prinsippet om førstemann til mølla gjelde. Ver rask med å melde deg på!

Fjordsystemet i området har stor spennvidde i fiskeslag. Aktuelle artar er:

  • Lysing
  • Blåstål og raudnebb
  • Berggylte (eksemplar på nesten 4 kilo er teken i garn)
  • Kveite i området Anda – Lote
  • Skate
  • Flatfisk
  • Steinbit (sporadisk)
Ifølgje vår mann i Gloppen, Per Rune Vereide, er det elles mykje rart i fjorden, og det er relativt sjeldan at det vert fiska på mange plassar og store djup i området. Artsmangfaldet er stort, og i trollgarn på rette plassane kan det vere både 8 og 12 artar i same garnet. I området Ålfoten er det som regel alltid fisk å få - om vi flyttar oss over grensa til Bremanger kommune. Denne utforskinga er det all grunn til å bli med på..

Bindande påmelding innan søndag 1. juni til Terje Rosnes, 45419305 / terj-ros@online.no


13.05.08 - Klart for den store steinbitjakta
Årsmøtet bestemte at Midtsidefisken det skal jaktast på i 2008, er steinbit. Potensialet er stort, etter som Helges klubbrekord frå Bjordal i 2007 berre er på fattige 3,16 kg.

Her er det berre å leite fram jernkjevetakkelet og gå i gang.

All steinbit som klubbens medlemer fangar i området mellom Ålesund og Bergen, og som er fiska innanfor Norges Havfiskeforbunds regelverk og kan dokumenterast skikkeleg, kan inngå i tevlinga.


13.05.08 - Terje Rosnes held fram som leiar
Terje Rosnes tok attval som leiar, på klubbens årsmøte 6. mai. Med seg i styret i 2008 har han Ivar Knapskog (nestleiar), Helge Johnsen (sekretær), Wiggo Heimtun (kasserar), Per Rune Vereide (styremedlem) og Gunnar Nødseth (varamedlem).
22.04.08 - Årsmøte
Hei, havfiskarar. Første forsøk på å halde årsmøte skar seg. Her kjem ny innkalling (Last ned og les vedlegg). Kryss av i kalendaren. Merk at vi no kombinerer årsmøtet med klubbkveld/handel på Chatlet.
18.04.08 - Flere premier på Mausund!
GULP! Konkurranse under Mausundfestivalene. Verdi kr. 10.000,-

Største fisk tatt på GULP! I løpet av festivalen vinner en Abu vanntett fiskebag fylt med varer fra Abu og Berkley. Total verdi over kr. 10.000,-

I tilegg kommer det flere sneller, dette kommer på vår hjemmeside etter hvert.

Vi har også andre gavepremier som tidligere år.
Fra før har vi 25 TICA havfiskesneller til de 25 største fiskene og 16 TICA havfiskesneller til de 4 beste 4-manns lag.

HAVETS DRONNING laget av Martin Lopez til en verdi av kr. 10.000,- går til beste fisker uansett klasse. Det er påmeldt 57 stk, men det er plass til flere.

Følg med på vår hjemmeside www.fiskeklubb.com


10.03.08 - Årets Seebergkatalog
Gode havfiskarar. Her er årets nytestamente frå Seeberg, til åndeleg kveik og oppbygging før vårsesongen startar. God andakt. Last ned her (PDF, 13 mb)
07.03.08 - Årsmøte
Årsmøte den 26.03.2008 kl 1830 på Quality hotell.
Saker må meldast inn til leiaren, terj-ros@online.no, innan 20.03.2008.
Det blir servering av noe godt etterpå :-)
02.01.08 - Tok første pokal-napp
Med fleire bra hyser pluss kviting tett oppunder klubbrekordstorleik, sikra Per Rune Vereide seg siger i romjulskonkurransen og første napp i vandrepokalen.

Les resten og sjå bilder her...

NESTEN REKORD: Per Rune Vereide med sin største kviting, som berre var 20 gram under gjeldande klubbrekord.
Foto: Helge Johnsen
(Klikk for større utsnitt)


12.12.07 - Vintertur gav to nye rekordar

Førdefjorden leverer: John Ivar Askevold overtok klubbrekorden på kviting og drog klubbens første svarthå over ripa, då han var med Helge Johnsen på desembertur.

Les resten her...

DOBBEL SUKSESS: John Ivar med dei to nye klubbrekordane. Foto: Helge Johnsen
Klikk på bildet for større utsnitt...


31.10.07 - Jaktar på storknurr
Helge J. mangla fattige 20 gram på å slå Gunnars knurr-rekord, under ein tur på Førdefjorden 25. oktober. Den største av seks knurrar som vart teken på ein times tid, drog vekta til 460 gram. Fisken var rund og i godt hald, og vart målt til 38 cm. lengde.

Indre del av Førdefjorden inneheld svært mykje knurr, og Helge reknar med at det er gode sjansar til å treffe på eksemplar som bikkar halvkilosgrensa. I tillegg til å eksperimentere på djupet, satsar han no målretta på å fange ein knurr på pluss 500 gram, og på å jakte etter skrubbe. Klikk på bildet over for større oppløsning....


06.09.07 - Ny klubbrekord på raudspette
Hadde besøk av John Ivar Askevold i helga, vi benytta sjansen til ein tur på havet. Hadde i grunnen tenkt oss eit stykke til havs for å prøve storseien, men vind og åpen 14 fots plastbåt er dårleg kombinasjon. Vi fann oss difor eit rolegare område nært land. Det skulle vise seg å vere eit godt val. Væpna med slep og remareker landa vi 23 raudspetter, nokre sandflyndrer og ei lita kveite. Spettene låg mellom 0,7 kg og 2,06 kg, den største tok John Ivar og han er dermed innehavar av klubbrekorden på raudspette. Synest i grunnen det var ein bra start på fisket mitt i Lofoten. Beste helsing John Davy
Klikk her for bilde.
30.08.07 - Ny dato for klubbmeisterskapen
Klubbkonkurransen blir flytta til laurdag 15. september. Frist for bindande påmelding er tysdag 11. september. Meld dykk på til Terje Rosnes - Tlf. : 57 74 75 01 - mobil: 454 19 305 - E-post : terj-ros@online.no
28.08.07 - Haustens klubbturar
Klikk her for terminliste.
23.08.07 - Storfisk og ny Midtsidetorsk
Mandag 13 august fiska eg etter sei ved Ålesundet då desse ruggane beit på. Eg har fiska i Førdefjorden i over ein mannsalder men har aldri fått så stor torsk som desse 10.5 og 13.5 kg. Fisken er som bildet tilseier av topp kvalitet og smakte utmerka både som steikt, kokt og saltsprengt. Fiskane var tekne på svenskepilk med oppheng.

Ny medlem i Florø havfiskeklubb. Arild Grytten. Sjå bilde her


30.07.07 - Storlange i Førdefjorden
John Davy gjorde storfangst, då han og Helge utforska Førdefjordens løyndomar.
To forundra fiskarar såg ei lange på heile 13,2 kilo kome over ripa.

Les meir og sjå bilde her.


13.06.07 - Ny Midtsidetorsk
Bjarte England prøvde lykken ved Værøygrunnane ut forbi Bulandet laurdag 09/06/07. Han dro då ein ny ledertorsk over ripa som veide 11.2 kg. Torsken tok på ein Giant jighead, 300 gram. Sjå bilde her
06.06.07 - Klubbtur laurdag
Det vert klubbtur frå Florø laurdag 16.6. Vi satsar på godver og tur langt vest i havet. Påmelding til leiar Terje Rosnes, terj-ros@online.no - 454 19 305. Påmelding seinast ei veke før.
06.06.07 - Revisjon av rekordlista
Gjennomgang av rekordlista har ført til endringar på eit par rekordar. Raudknurr går ut då det viser seg å vere ein vanleg knurr. Skjeggtorsk som er registrert er ei sypike, men då større enn gjeldande klubbrekord og følgjeleg ny klubbrekord på sypike. dette går utover Helge Johnsen som må gje frå seg to rekordar, medan Ivar Erik Knapskog misser ein og får ein ny rekord.
23.05.07 - Havfiskefestivalen avlyst
Florø og Stabben havfiskefestival avlyst. Grunnen til dette er administrative problemer med å få gjennomført planlegging og oppfølging av festivalen. Vi er få medlemar og ferske som festivalarrangør, då blir vi sårbare når pådrivarar får sviktande helse. Styret i klubben har difor avgjort å måtte avlyse festivalen i år. Håpar havfiskefolket har forståing for dette. Florø HK satsar på å arrangere festival neste år
23.05.07 - Ny klubbrekord
Ny klubbrekord på piggskate og strømsild. Vårt nye medlem John Ivar Askevold, har vore på fisketur i Vilnesfjorden og dratt opp ei piggskate på 5390 gram og ei strømsild (ny art) vekt 100 gram. Fiskane blei tatt 2.4 Sjå bilder på rekordlista
31.03.07 - Så kom raudspettene
Kilosgrensa på raudspetter vart broten to gonger, då John Davy, Helge, Bjarte og John Ivar var på vårvisitt til Bjordal.

Turen gav tre nye klubbrekordar – på raudspette, sandflyndre og steinbit. Les referat og sjå bilder her.

FLATFISK: John Davy med si nye klubbrekord på spette. 1,28 kilo


31.03.07 - Tung torsk på Inge
Inge Ødegaard har teke ei solid leiing i tevlinga om Midtsidetorsken. Den eine av to torskar han overlista laurdag 24. mars, drog vekta heilt til 9,7 kilo. Fisken vart teken i området ved Aralden. Inge fiska saman med Ivar Knapskog, Helge Johnsen, skipper Stein Hegranes (som stilte med båten ”Loyd”) og Steins svigerson Hans Jørgen Selvik.
Les resten og sjå bilde her.
26.03.07 - Ny klubbrekord, denne gang Knurr
Eg og far min var i dag , søndag 25/3 2007, vest i havet og fiska. Det var nydeleg vær, sola skein og det var flau bris. Vi fekk ca 75 kg sløyd fisk. Eg hadde ei lange på 10 kg, torsk på 7,8 kg. Ellers fekk vi en del stor lyr, torsk, sei, brosme, kvitting, hyse, flyndre og knurr.
Knurren blei tatt på flyndreslep, Aberdeen krok og makrell til agn ved Håøy på vestsida av Kalvåg. Den vog 480 gram, Veid på kjøkkenvekta til fru Knapskog. Sjå bilde her.

Gunnar Nødseth


11.03.07 - Fløyfisk på rekordlista.
Helge J. fekk ein uvanleg fangst, då han drifta med slep og reke ved Vågsøy 3. mars. No kan også fløyfisk leggjast inn blant klubbrekordane... Les meir og sjå bilde her.
28.02.07 - Romjulskonkurransen endeleg i hamn.
Knappe to månader forseinka vart endeleg romjulskonkurransen avvikla. Også denne gongen leika vêrgudane med oss. Stiv kuling frå aust gjorde turen til ei frisk oppleving. Fem mann møtte opp og mønstra på "Dagur" med Kristian Espeset som skipper. Ein jobb han kom vel frå. Trass i sterk vind manøvrerte Espeset båten framifrå og gjorde fisketilhøva rettferdige og gode... Les referat og sjå bilder her.
09.02.07 - Torsk blir neste Midtsidefisk
Vår alles venn torsken er peika ut som neste midtsidefisk-art i Florø Havfiskeklubb. Etter to år med høvesvis hyse og lyr som konkurransefisk, er turen komen til den arten som fisket langs norskekysten mest av alt vore tufta på, men som i dag er i sørgeleg tilbakegang på våre kantar. I 2007 handlar det om å fange det tyngste og mest velnærte eksemplaret av Gadhus morhua. Fangstar dokumenterte med foto og vegde på elektronisk vekt eller på vekt godkjend for kjøp og sal tel med i konkurransen. Også torsk teken utanom klubbturar tel med. Fangsten må skje mellom Ålesund og Bergen..
09.02.07 - Helge tok Midtsidelyren
Helge Johnsen gjekk sigrande ut av konkurransen om midtsidefisken 2006, med ein lyr på 6,31 kilo. Fisken, som var særs trinn og rognstinn, vart teken på ein klassisk lyreplass nordaust for Vågsøy, 22. mai 2006. Vinnarlyren vart overlista med lodd og gul gummimark som slep. Diplomet som er heidersteiknet til vinnaren av tevlinga om Midsidefisken vart overrekt under årsmøtet 2. februar.
09.02.07 - Terje held fram som leiar
Terje Rosnes vart attvald som leiar på årsmøtet i Florø Havfiskeklubb 2. februar. Klubben innførte eit eige verv som festivalgeneral, med tanke på vidareføring av Florø og Stabben havfiskefestivalar. Sjølvskriven til dette vervet var Gunnar Nødseth.

Klubbstyret for 2007 er samansett slik:

    Leiar: Terje Rosnes (for eitt år)
    Nestleiar Ivar Knapskog (for to år)
    Sekretær: Helge Johnsen (for eitt år)
    Kasserar: John Davy Oddekalv (for to år)
    Styremedlem: Per Rune Vereide (for eitt år)
    Varamedlem: Gunnar Nødseth (for to år)
    Revisor: Jan Midtbø (for eitt år)
    Valnemnd: Wiggo Heimtun (for to år) og Inge Ødegård (for eitt år)
    Festivalgeneral: Gunnar Nødseth (for eitt år)
    Materialforvaltar: Inge Ødegård (for to år)
Sjå bilder frå Årsmøtet her
11.11.06 - Gunnar klubbmeister
Gunnar Nødseth viste seg uslåeleg i klubbmeisterskapen under havfiskefestivalen. Les meir her.
FJORDFISK: Lange teken ikkje langt frå Naustdal 11.11.06 - Testar fisket i Førdefjorden
Helge J. har siste månadene prøvd fisket ulike stader i Førdefjorden, med lovande resultat. Førdefjorden er kanskje høgast skatta som dorgeområde etter sjøauren, eller som ein bra stad å fiske lyr ved holmar og i sund. Men langs strendene vrimlar det mange stader av flatfisk, og nede på djupet går det langer det er vel verd å prøve seg på.
Les meir her.
11.11.06 - Første blålange på rekordlista
Også blålange er no komen på lista over klubbrekordane. 13. oktober tok Helge J. tok eit eksemplar på 3,48 kg i Førdefjorden. Les alt her.
12.09.06 - Rikskjendisen
Vår rikskjendis John Davy har igjen sneket til seg en plass i sladrespaltene! Sjekk side 65 i siste Alt Om Fiske :-)
28.08.06 - Ny uerrekord
Helge J. tok seg ein treningstur på Stadhavet, før havfiskefestivalane som snart står for tur. Resultatet vart ny uerrekord på 1,65 kg.
(Foto: Sunniva Kastet Johnsen) Les meir her.
08.08.06 - Nye klubbrekordar til John Davy
JD har vore på fisketur i sommar, og vi er vel ikkje overraska av at han igjen har satt nye klubbrekordar :-) Denne gong er det lysing og horngjel som skal på rekordlista. Lysingen på 10,2 kg tok på ein halv makrell fiska på eit av dei nye takkela frå Penn. Er langt over rekorden som ligg på NHF sine lister. Neste klubbrekord er Horngjel 345 gram. Den tok på ein svart Eddystone eel. Sjå bilder her.
10.06.06 - Klubbmesterskapet
Klubbmesterskapet i år vert slått saman med Florø Havfiskefestival, altså konkurransen som går søndag under festivalhelga i september.
29.05.06 - Endå ein klubbrekord til JD!!
Laurdag var John Davy på havfisketur vest i Solund saman med far sin. Dei fiska etter lyr og uer og hadde god uttelling før vinden blei for sterk og tvinga dei opp under land. Dei drog ca 70 kg med lyr og uer. Fisken beit godt, mellom anna drog JD 11 uer på 4 nedslepp. Då fiska han med trekroks paternostertakkel egna med makrellbit. Den største ueren vog 1,62 kg og er ny KLUBBREKORD, igjen!! Sjå stort bilde her.
22.05.06 - Ny utfordrar i lyrekonkurransen
Helge J. var ein ny tur etter lyren 14. mai, og kom denne gongen i kontakt med fisk av skikkeleg storleik. Eit rogntungt eksemplar på 6,31 kg. leiar no konkurransen om midsidefisken. Lyren vart teken i kveldinga, ved ei flu nordaust for Vågsøy. Helge fiska med lodd og gul gummimark som slep. Turen gav også fire andre lyrar på rundt tre kilo kvar, pluss ein fin raudtorsk, som tok slepet ved botnen. Sjå stort bilde her
09.05.06 - Lyresesongen i gang
Helge testa lyrefisket ved Vågsøy sist helg, med lovande resultat. Nokre timars prøvefiske gav sju flotte matlyrar, der største på knappe 3 kilo. Men John Davys sjokkopning av midtsidefisk-konkurransen i Bjordal er det førebels vanskeleg å hanskast med. Les meir her...
01.05.06 - Ny art på rekordlista.
Nei, det var ikkje John Davy denne gong, men ein av våre nye medlemmar, nemleg Bjarte England som fekk ei piggskate på 3.26 kg i Vilnesfjorden. Sjå bilde her...
26.04.06 - Første kandidat i lyre-kampen.
John Davy har opna ballet i konkurransen om årets Midsidelyr. Fisken som no må utfordrast, er eit eksemplar på 4,32 kilo. Lyren vart teken på slep og agn i Fuglesetfjorden, laurdag 22. april. Sjå bilde her...
26.04.06 - Kveite etter ti minutt
SPREK START: John Davy med kveita som vart opningsfisken. Foto: Helge JohnsenJohn Davy Oddekalv, Helge Johnsen og Bjarte England har vore i Bjordal for å utforske fisket i Fuglesetfjorden.
Takkela hadde ikkje vore meir enn ti minutt i sjøen, før det sat kveite på kroken. Seinare følgde ni andre artar. Les referat og sjå bilder her...
13.04.06 - Fisketur med JD
Vår rikskjendis og beste bidragsytar til heimesidene våre, John Davy, har våre på havfisketur igjen. Les meir her...
13.04.06 - Ny art på rekordlista
John Davy (kven ellers) har igjen fått ein ny art på rekordlista vår. Denne gong ei raudspette på 530 gram. Sjå bilde her...
13.04.06 - Villmarksmessa
Florø Havfiskeklubb skal stå på stand saman med Chatlet og Seeberg på Vestnorsk Villmarksmesse 28-30 april.
12.02.06 - Årets midsidefiskar
Jan Midtbø drog av med sigeren i klubbens tevling om å fange sjølvaste midtsidehysa. Eit vakkert, formfullendt og brystfinne-fagert eksemplar av arten på 3,55 kilo, viste seg å vere uslåeleg. Les resten og sjå bilde her...
12.02.06 - Kven fangar Midtsidefisken?
Konkurransen om årets midtsidefisk blir ført vidare også i 2006. I år blir det konkurrert om å fange årets største lyr.

Dette vart bestemt på klubbens årsmøte, 9. februar. No skal det jaktast på store eksemplar av kysten bronsebrune torpedo, og der håpet er å slå den gjeldande klubbrekorden på 7.03 kilo, som har stått sidan 11. juli 2003.

Ser ein på dei vekter som blir oppnådd på Vestlandet, bør lyr på rundt 10 kilo slett ikkje vere uoppnåeleg. Kanskje skal vi la det å bryte tikilosgrensa også vere eit mål i år? Les meir her...


08.02.06 - Ivar Erik slo til igjen
Ivar Erik viste seg nok ein gong uovervinneleg, då klubben endeleg kom seg på sjøen for å halde ein sterkt forseinka romjulskonkurranse. Med ein totalfangst på 20,7 kilo, 8,85 kilo meir enn nestemann, og konkurransens største fisk i kassa, dreiv han direkte utklassing og sikra seg både pokal og Lawson-stong i premie. Les fyldig referat og sjå bilder her...
26.01.06 - John Davy - Vår rikskjendis
På side 76 i siste utgave av sportsfiskerbladet "Alt Om Fiske" kan vi sjå John Davy posere med stortorsk på 10,2 kg. Den mannen får da alltid stor fisk, eller hva?
03.12.05 - GPS-køyrereglar
GPS har gitt oss havfiskarar ein heilt ny reiskap til å finne att fiskeplassar. Men dette verktyet bør brukast med forstand, og slik at vi ikkje utnyttar folk som har sanka seg kunnskap gjennom eit langt liv på havet. Flora havfiskeklubb har laga sine eigne køyrereglar. Les dei her.
22.10.05 - Referat og bilder frå Øygarden og Hellesøy Havfiskefestival
Fem mann frå klubben hadde ei flott helg frå 14 – 16. oktober. Nydeleg vêr, flotte omgjevnadar og godt kameratskap var ramme for ei god havfiskehelg ytst i Øygarden. Resultatmessig var det ingen frå klubben som gjorde dei store innhogga på premiebordet. Men vi fekk med oss ein premie, ny klubbrekord og personlege rekordar. Les resten og sjå bilder her...
   


Les meir om Florø Havfiskeklubb her...

Seeberg

Chatlet Sport

  © Jan Otto Hovden 04